Oselvar og fjord i kommunevåpenet

I vinter blei små og store innbyggarar inviterte til å kome med sine forslag til motiv på det nye kommunevåpenet. Mellom anna blei alle 6. klassingar i dei to kommunane inviterte til å teikne forslag. Arbeidsgruppa for nytt kommunevåpen har  i tillegg fått 103 forslag med 30 ulike symbol/motiv. Etter ein gjennomgang av alle forslaga, tilrår arbeidsgruppa at oselvaren og fjorden blir motiv på Bjørnafjorden sitt kommunevåpen.

Sjå heile saksframlegget som Fellesnemnda skal behandle måndag 25. juni.

Framlegg til vedtak:

Konkurransen for formgjeving av kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune skal byggja på
dei heraldiske reglane som var retningsgjevande for norske kommunevåpen før 1.1.2018. Det
betyr m.a. at Bjørnafjorden skal ha eitt symbol i kommunevåpenet og ein skal ha ein avgrensa
palett av fargar til rådvelde som er kjende frå andre kommunevåpen.
Det nye kommunevåpenet skal vera samlande og identitetsskapande for den nye kommunen.
Symbolet ein har vald er oselvarbåten. Oselvaren er eit kulturelt felleseige for den nye
kommunen. Den representerer både handverkskultur, næringshistorie og samferdslehistorie
– kort og godt kystkulturen i Os og Fusa. Med sin status både lokalt, regionalt, nasjonalt og
internasjonalt – har vi eit unikt symbol for våre bygder og den nye kommunen.
Det andre stikkordet ein vil leggja til grunn for konkurransen er fjord. Fjord er eit anna sterkt
symbol og omgrep med stort gjennomslag. Fjorden bind den nye kommunen saman. Sidan
kommunen har fjord i namnet er det nærliggjande at fjord vert ein leietråd for
kommevåpenet i form- eller fargeval.
Gjennom ei slik avklaring av grunnlaget for vidare arbeid, har vi eit godt utganspunkt for å
gjennomføra ein konkurranse der profesjonelle formgjevarar kjem med sine forslag til
utforming av det endelege kommunevåpenet.