Invitasjon til alle 6. klassingar: Lag ditt kommunevåpen for Bjørnafjorden!

Kva meiner du er typisk for Bjørnafjorden? Kva ord, symbol eller naturfenomen er typisk for området vårt? Er det dyr, planter, landskapsformer, gjenstandar, historiske symbol eller anna vi kan bygge på?

Dette er utfordringa alle 6. klassingar i Os og Fusa får i desse dagar.

Kultureiningane i Os og Fusa har fått i oppdrag av Fellesnemnda å leie prosessen med å utforme eit kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune. Alle innbyggarar skal få moglegheiten til å delta, men først får 6. klassingane denne spesielle utfordringa.
Dei er nemleg inviterte til å kome med forslag til kommunevåpen. Elevane får ei oppgåvetekst og mal for kommunevåpen som dei kan bruke som utgangspunkt – for det er nokre få reglar for kommunevåpen ein må overhalde – elles står dei temmeleg fritt. Forslaga kan vere teikna/utforma eller skildra i tekst.

Forslaga frå 6. klassingane vil vere med i grunnlaget for det vidare arbeidet med det endelege kommunevåpenet. Elevane sine bidrag vil bli presenterte på denne nettsida, i tillegg til å bli utstilte i all si fysiske prakt.

Alle klassane som deltek er med i trekninga om fine premiar – og premiane går til heile klassen.

Frist: Skulane må levere inn elevarbeida i Kommunetorget på Os rådhus eller i Kommunetunet i Eikelandsosen innan 16. mars.

Har du spørsmål?
Ta kontakt med kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen på e-post lax@os-ho.kommune.no eller kulturleiar i Fusa, Erik Vangsnes, på e-post erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Vi gler oss veldig til å sjå forslaga. Lukke til!