Bjørnafjorden kulturskule – eitt år før resten av oss

Kulturskulane i Os og Fusa har vore ringforlova dei siste tre åra. 1. januar 2019 tar dei endeleg steget fullt ut og blir Bjørnafjorden kulturskule – eitt år før resten av oss.

Dans og drama er eitt av dei mest populære tilboda i Bjørnafjorden kulturskule. Foto: Vidar Langeland

Kulturskulane har i dag totalt 597 plassar for elevar i aldersspennet 0 til 20 år. 503 soknar til Os, 94 til Fusa.
– Vi har mykje felles på tvers av fjorden. Samstundes er det ein god del som må samkøyrast for at vi skal fungere som éi eining, fortalde kulturskulerektor Christian Breistein då han orienterte om samanslåinga og framtidsplanane for Tenesteutvalet i Os kommune, 28. november og Tenesteutviklingsutvalet for Bjørnafjorden kommune, 5. desember.

Rektor ved Bjørnafjorden kulturskule, Christian Breistein.

– Vi har opplevd ein formidabel vekst i elevtalet i Os dei siste åra. Samstundes har vi greidd å halde foreldrebetalinga nede fordi vi har mykje gruppeundervisning. På Fusa har vi meir undervisning ein-til-ein, og dette er som regel ein god del dyrare. Os er ein kompakt kommune med kort reiseveg for dei fleste elevane, medan elevane og lærarane på Fusa må forflytte seg over større avstandar. Dette stiller høgare krav til logistikk, og er òg medverkande til at det er dyrare å gå i kulturskulen i Fusa, samanlikna med Os. Frå hausten 2019 skal det vere lik foreldrebetaling for kulturskulen i heile Bjørnafjorden kommune – og då blir dagens Os-prisar førande. Søskenmoderasjonen dei har hatt i Fusa vil falle vekk, men dei aller fleste i Fusa vil sjå at rekninga no blir lågare, sa rektor Breistein.

Kulturskuleelevane Anne Marie Sundfjord Gjøn frå Fusa fekk 1. pris, og Ludvik Hodneland Sundfjord frå Os 2. pris i pianokonkurransen Tangentiaden. Foto: Eleonora M. Larsen

Musikk og meistring
Bjørnafjorden kulturskule tilbyr undervisning i musikk, dans og visuelle kunstfag for elevar mellom 0 og 20 år. I tillegg til undervisning i dei fleste instrument, har kulturskulen eit eige kor og fleire gruppetilbod for dei yngste. «Musikk frå første stund» er eit tilbod til dei aller minste (0-3 år). «Musikkbarnehage» er eit anna svært populært tilbod (3-6 år), det same er «Kulturkarusellen» (frå skulealder), kor elevane får ein smakebit av alt kulturskulen har å by på.
– Kulturskulen er ein svært viktig meistringsarena, ikkje minst for dei som strevar med dei vanlege skulefaga. Det er fantastisk å sjå kva musikk og kunst kan gjere for barn, og meistringa dei opplever når dei finn sitt fag. Samstundes er vi opptekne av å dyrke talenta og å tilby fordjuping for dei flinkaste elevane – dei som vi elles kanskje hadde «mista» til talentprogram i Bergen, sa Breistein til politikarane. – Vi må òg jobbe for å knyte til oss, og ikkje minst behalde, dei gode lærarane.

Likeverdig tilbod
Kulturskulen følgjer skuleåret. Frå skulestart hausten 2019 vil søkjarar i Fusa og Os kommunar stille likt i konkurransen, og alle tilbod skal vere tilgjengelege for alle. Dette er ikkje det same som at undervisning i alle tilbod vil føregå på begge sider av fjorden.
-Undervisningsstaden avheng av kor mange som søkjer seg til eit bestemt fag på eller nær undervisningsstaden og kor vi har passande fasilitetar. Dette inneber at mange av gruppetilboda i Bjørnafjorden kulturskule vil føregå i Os, men at dei sjølvsagt er opne for elevar frå heile den nye kommunen. Til dømes har vi to dansegrupper i Fusa samfunnshus i dag. Dersom fleire i Fusa søkjer om bestemte fag, vil vi sjølvsagt vurdere å ha fleire tilbod på undervisningsstader på Fusa-sida, fortel Breistein.

Ein tverrfagleg ressurs
Bjørnafjorden kulturskule vil vere organisert under Oppvekst frå 2019. Dette betyr at samarbeidet med dei andre, «vanlege» skulane vil vere tettare.
– Her er det mykje å hente på tvers av skulane og områda. Til dømes har vi hatt eit veldig positivt samarbeid om musikkterapi for elevar med ekstra utfordringar. Vi ønskjer at kulturskulen skal vere eit ressurssenter for andre område – både kommunale einingar og frivillige lag og organisasjonar. Eg håpar og trur at vi skal få til mykje spennande i åra som kjem, seier Christian Breistein i Bjørnafjorden kulturskule.