Å tenke på alt på ein gong

– Vi må ha nok styring til å sikre samfunnsutvikling og lite nok til å sikre framdrift, seier Aina Tjosås, kommunalsjef for samfunnsutvikling i Os og framtidige Bjørnafjorden kommune.

– Vi må planlegge for framtida og sikre gode kvardagsliv for innbyggarane i Bjørnafjorden, seier Aina Tjosås. (Foto: Aina Tjosås)

Bustader, fabrikkar, butikkar, barnehagar, skular og fotballbanar dukkar ikkje berre opp av seg sjølv (dei skal i alle fall ikkje gjere det). Det er kommunen si oppgåve å ha overblikk og styring med utvikling av nye bustads- og næringsområde. Dette gjer kommunen mellom anna gjennom å lage områdeplanar, anten i eigen regi eller i samarbeid med private.
Ein områdeplan er ein overordna plan som seier noko om arealbruken i eit større område, til dømes Osøyro, Eikelandsosen eller Lyseparken. Private aktørar kan så gå inn og lage reguleringsplanar for områda dei eig, men kommunen skal syte for at det heile heng i hop og at alt er tenkt på.

Ei gåvepakke å samarbeide med private

– I Noreg har vi eit enormt system for planlegging og massevis av føringar frå Staten og fylket. Planarbeid er ein kompleks affære. Vi må bruke plansystemet effektivt slik at vi kjem oss vidare. Vi må ikkje la sjølve planarbeidet stå i vegen for å sette planen ut i livet. Dersom vi vil ha utvikling, må vi spele på lag med private aktørar. Dette samarbeidet kan vere ei gåvepakke til kommunen så lenge vi handterer det rett, seier Aina Tjosås til eit lydhøyrt Samfunns- og næringsutviklingsval, måndag 3. september.

Aina Tjosås orienterer Samfunns- og næringsutviklingsutvalet for Bjørnafjorden kommune om arbeidet med områdeplanar. (Foto: Bjørnafjorden kommune).

Prisløna arbeidsform

Planavdelinga i Os kommune jobbar etter ein modell som skal sikre at alle involverte partar snakkar saman i starten, slik at ein i størst mogleg grad unngår at det krøller seg på grunn av dårleg kommunikasjon og misforståingar seinare i prosessen.
Aina og hennar tilsette har til og med fått Bygg21-pris for denne framtidsretta og effektive måten å jobbe med reguleringsplanar på. 
Når Lyseparken – dette enorme, nye nærings- og bustadsområdet i Endelausmarka – no begynner å ta form, skal arbeidet som skjer i dag bidra til at området får den forma og dei funksjonane vi og framtidige bjørnafjordingar ønskjer og treng.

Fleire unge og fleire gamle

– Lyseparken vil snu kommunen på hovudet, bokstaveleg tala. Tyngdepunktet vil endre seg heilt. Vi skal bygge ein heilt ny bydel med 5000 – 7000 bustader og endå fleire arbeidsplassar frå scratch. Då må vi vere kloke og bygge for framtida. Eg trur ingen av oss kvar for oss eigentleg greier å ta inn kort stort dette blir. Difor må vi tenke i lag. Lyseparken må henge i hop, frå plassering av butikkar og tilrettelegging av sykkelvegar til gravplassar. Korleis skal vi rigge desse områda slik at vi har pengar til helse og skule? spurde Tjosås, og peikte på den sterke folkeveksten i Os, spesielt i gruppene 13-16 år og 80 år+. 
-Vi treng ein ny ungdomsskule i Os i løpet av fem år. Kor skal skulen ligge? Det må vi og de politikarar bestemme snart. Og vi må planlegge med tanke på korleis innbyggarane skal få gode kvardagsliv der ting heng i hop, seier ssamfunnsutviklingssjefen.

Koordinator snart på plass

-Utruleg mykje skjer i eitt område. Samstundes tenker dei private enkeltaktørane berre på sitt eige lille område. Kommunen må ta eit større, samla ansvar, til dømes når det gjeld trafikken. Lyseparken vil bli eit flott område med mange kvalitetar, men det føreset at planane heng saman. Difor skal vi no tilsette ein prosjektleiar som skal koordinere dei private og offentlege planane i området Hellebakkane-Revsåsen.

Noko kan vi overlate til private utbyggarar, men det store overblikket må vi som kommune ha. Vi må ha nok kontroll til å sikre samfunnsutvikling og lite nok til å sikre framdrift, seier Tjosås.