– Alt vi driv med handlar jo eigentleg om folkehelse

Ein god barndom gir grunnlag for eit godt liv med god helse. (Foto: Fusa kommune)

Folkehelse handlar om forholda vi lever i – kvar og korleis vi blir fødde, veks opp, leikar, utdannar oss, arbeider og eldast. Vi blir påverka av omgjevnadene våre.
Helse er ikkje berre eit individuelt val. Helsa vår heng saman med korleis samfunnet rundt legg til rette for å ivareta og fremje god helse.

– Folkehelsearbeid handlar om å skape gode oppvekstvilkår, førebygge sjukdom og skadar, og utvikle eit samfunn som legg til rette for sunne levevanar. Vi vil ha eit samfunn som beskyttar oss mot helsetruslar og fremjar fellesskap, tryggleik, inkludering og deltaking, seier spesialrådgivar og folkehelsekontakt i Fusa kommune, Anne-Lise Aaseng. – Føremålet med folkehelsearbeidet er å gjere lokalsamfunnet til ein trygg og god plass å leve, og å gi alle innbyggarane same moglegheit til å leve sunne liv, seier ho.

Fleire og fleire har god helse i Noreg og lever gode, lange liv. Samstundes aukar forskjellane mellom folk. Forsking viser at dei som tener minst og har kortast utdanning, lever kortare og har dårlegare helse. Dei som slit på enkelte område, slit ofte også på andre område. Folkehelsearbeidet har spesielt fokus på å utjamne desse ulikskapane mellom folk. Dette krev arbeid retta mot alle innbyggjarane som heilskap, men også målretta innsats mot spesielt utsette grupper.

Viktig også i Bjørnafjorden kommune

Alle norske kommunar må lage folkehelseoversikter, og rullere/revidere desse kvart fjerde år.
– I Fusa hadde vi planlagt å rullere i tre omgangar, og ta for oss èi målgruppe eller aldersgruppe om gongen, fortel Aaseng. Barn og unge (0-24 år) er først ut. Våren 2019 skulle «Dei yrkesaktive» (ca. 24-67 år) stått for tur, og til slutt «Seniorane» (67+ år) i 2020.
Men i 2020 er vi jo Bjørnafjorden – korleis skal folkehelsearbeidet vidareførast i den nye kommunen?

– Overordna folkehelse er ei viktig oppgåve i bygginga av Bjørnafjorden kommune. Vi må ha oversikt over utfordringar og ressursar for folkehelsa i Bjørnafjorden. Hordaland fylkeskommune har fått innvilga nasjonale folkehelsemidlar. Vi tenker at Os og Fusa bør gå saman om eit felles folkehelseprosjekt og søkje om desse midlane, seier Aaseng.

Torsdag 20. september inviterte folkehelsegruppa i Fusa kommune til folkehelseseminar. Seminaret er ei oppfølging av Fusa kommune sin rapport «Levekår og helse for barn og unge». Rapporten peikar på ein del utfordringar som folkehelsegruppa ønskjer forslag til tiltak for å løyse. Målet med samlinga var å finne fram til dei gode tiltaka som skal gjere det endå betre å vere barn eller ungdom i Fusa – og etter kvart i Bjørnafjorden kommune.
Fagfolk frå Fusa kommune, lensmann og prest på Fusa, representantar for Fusa vidaregåande skule og Fusa frivilligsentral deltok på seminaret og idéverkstaden, i tillegg til leiinga i Os kommune.
Både Fusa og Os har jobba systematisk og tverrfagleg med folkehelse gjennom fleire år, men med ulik tilnærming.

Folkehelse gjeld alt og alle
– Det er interessant å sjå korleis fusingane jobbar med folkehelse, særleg kor heilskapleg og tverrfagleg dei tenker, seier Line Rye, kommunalsjef for oppvekst i Os kommune/Bjørnafjorden kommune, som deltok på idéverkstaden.  – Folkehelse er ei av kjerneoppgåvene i ein kommune. Det meste vi driv med er jo faktisk folkehelsearbeid – frå jordmortenester og vaksinasjon til anti-mobbetiltak i skulen, via merking av turvegar og kulturarrangement til planlegging av leikeområde, idrettsanlegg og sykkel- og gangstiar, seier Rye. – Folkehelse gjeld alt og alle.