Oppføringer av Mari Lyssand, kommunikasjonsrådgivar i Os kommune

Den nye aktivtetsportalen er open!

  Meir enn 20 lag og organisasjonar i Bjørnafjorden kommune var måndag ettermiddag samla for å lære å bruke aktivitetskalenderen Friskus. Tilsette i Bjørnafjorden kommune blei kursa på føremiddagen. I løpet av ettermiddagen dukka det opp ei rekke aktivitetar på bjornafjorden.friskus.com, etter kvart som deltakarane på kurset lærte korleis verktøyet fungerer. «Den nye aktivitetskalenderen samlar […]

Skuleruta 2020–2021 ute på høyring

Framlegg til barnehage- og skulerute for grunnskulen i Bjørnafjorden kommune skuleåret 2020–2021 er lagt ut til offentleg ettersyn. Grunnskulane i Bjørnafjorden kommune, organisasjonane og skulane sine rådsorgan, representert ved FAU og SU er høyringspartar, og har fått tilsendt framlegget. Kommunen har òg sendt framlegget til barnehagane og deira organisasjonar og rådsorgan. Andre som ønskjer å […]

Reglement for folkevalde lagt ut til høyring

Ei av sakene på saklista til Bjørnafjorden kommunestyre sitt første møte var Reglement for folkevalde i Bjørnafjorden kommune. Ombodsutvalet for Bjørnafjorden kommune har utarbeidd  reglementet, som så har vore sak i partssamansett utval og i Fellesnemnda. Bjørnafjorden kommunestyre vedtok 29. oktober at reglement for folkevalde og godtgjerslereglement for Bjørnafjorden kommune blir lagt ut til offentleg […]

Første møte i nytt kommunestyre

29. oktober klokka 16.00 har Bjørnafjorden kommunestyre konstituerande møte i kommunestyresalen i rådhuset på Os. På saklista står m.a. val av ordførar og varaordførar, formannskap og politiske utval for valperioden 2019-2023.  Her kan du sjå alle sakene det nye kommunestyret skal behandle i sitt første møte. Første sak er om det nye kommunestyret vil tillate […]

Lyseparken-plan til mekling

  Områdereguleringa for Lyseparken er heilt i sluttfasen, nesten 30 år etter at området i Endelausmarka blei avsett til næringsverksemd i arealdelen av kommuneplanen i 1990. Plan- og bygningsutvalet (PBU) hadde områdeplanen for Lyseparken til andregongsbehandling 17. oktober, og vedtok samrøystes administrasjonen sitt framlegg til vedtak. Framlegget til ny områdeplan bygger vidare på godkjente reguleringsplanar […]

Bli med på Bjørnafjordkonferansen!

Tysdag 5. november går Bjørnafjordkonferansen av stabelen for første gong, under overskrifta «Saman om vekst». Konferansen skal vere ein møteplass for næringsdrivande, politikarar og gründarar i komande Bjørnafjorden kommune og i nabokommunane. Arrangørar er Bjørnafjorden næringsråd, Fjordfolk, Fusa og Os kommunar, med m.a. kommunane Samnanger, Tysnes og Austevoll med på sponsorsida. Eitt av måla med […]

Informasjon til private planstillarar og utbyggarar

Bjørnafjorden kommunestyre, med tilhøyrande utval (formannskap, plan- og bygningsutval, tenesteutval), blir konstituert 29. oktober. Samstundes vil dei «gamle» kommunestyra og utvala for Os og Fusa eksistere ut året, men berre for å avslutte dei eksisterande kommunane i tråd med inndelingslova §27. Alt som påverkar den nye kommunen (økonomisk, arealmessig eller på annan måte) skal behandlast […]

Saker frå barnehagefeltet ute på høyring

Fellesnemnda har vedteke å legge tre saker frå barnehagefeltet ut til offentleg ettersyn, før endeleg godkjenning i nytt kommunestyre for Bjørnafjorden kommune. Innspel eller merknader sender du inn på dette elektroniske høyringsskjemaet. For å kunne lagre skjemaet, må du logge inn med ID-porten. Dersom du har merknader til fleire av sakene, må du sende inn […]

Politivedtekt for Bjørnafjorden kommune på høyring

  Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune vedtok i møte 17. juni 2019, sak 47/2019, å legge  framlegg til Forskrift om politivedtekt for Bjørnafjorden kommune ut til offentleg ettersyn. Frist for å koma med innspel er 1. september 2019. Eventuell høyringsuttale kan sendast Os kommune, Postboks 84, 5202 Os eller på e-post til postmottak@os-ho.kommune.no. Du kan òg […]

Slik stemmer du

Måndag 9. september er det kommune- og fylkestingsval, men du kan stemme alt no. Førehandsstemming Frå 12. august til 6. september er det ordinær førehandsstemming. Det vil seie at du kan stemme på det partiet du ønskjer, og eventuelt gje einskilde kandidatar ei ekstra stemme. Dette gjeld om du stemmer i eitt av dei to […]