Oppføringer av Mari Lyssand, kommunikasjonsrådgivar i Os kommune

Lyseparken-plan til mekling

  Områdereguleringa for Lyseparken er heilt i sluttfasen, nesten 30 år etter at området i Endelausmarka blei avsett til næringsverksemd i arealdelen av kommuneplanen i 1990. Plan- og bygningsutvalet (PBU) hadde områdeplanen for Lyseparken til andregongsbehandling 17. oktober, og vedtok samrøystes administrasjonen sitt framlegg til vedtak. Framlegget til ny områdeplan bygger vidare på godkjente reguleringsplanar […]

Bli med på Bjørnafjordkonferansen!

Tysdag 5. november går Bjørnafjordkonferansen av stabelen for første gong, under overskrifta «Saman om vekst». Konferansen skal vere ein møteplass for næringsdrivande, politikarar og gründarar i komande Bjørnafjorden kommune og i nabokommunane. Arrangørar er Bjørnafjorden næringsråd, Fjordfolk, Fusa og Os kommunar, med m.a. kommunane Samnanger, Tysnes og Austevoll med på sponsorsida. Eitt av måla med […]

Informasjon til private planstillarar og utbyggarar

Bjørnafjorden kommunestyre, med tilhøyrande utval (formannskap, plan- og bygningsutval, tenesteutval), blir konstituert 29. oktober. Samstundes vil dei «gamle» kommunestyra og utvala for Os og Fusa eksistere ut året, men berre for å avslutte dei eksisterande kommunane i tråd med inndelingslova §27. Alt som påverkar den nye kommunen (økonomisk, arealmessig eller på annan måte) skal behandlast […]

Saker frå barnehagefeltet ute på høyring

Fellesnemnda har vedteke å legge tre saker frå barnehagefeltet ut til offentleg ettersyn, før endeleg godkjenning i nytt kommunestyre for Bjørnafjorden kommune. Innspel eller merknader sender du inn på dette elektroniske høyringsskjemaet. For å kunne lagre skjemaet, må du logge inn med ID-porten. Dersom du har merknader til fleire av sakene, må du sende inn […]

Politivedtekt for Bjørnafjorden kommune på høyring

  Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune vedtok i møte 17. juni 2019, sak 47/2019, å legge  framlegg til Forskrift om politivedtekt for Bjørnafjorden kommune ut til offentleg ettersyn. Frist for å koma med innspel er 1. september 2019. Eventuell høyringsuttale kan sendast Os kommune, Postboks 84, 5202 Os eller på e-post til postmottak@os-ho.kommune.no. Du kan òg […]

Slik stemmer du

Måndag 9. september er det kommune- og fylkestingsval, men du kan stemme alt no. Førehandsstemming Frå 12. august til 6. september er det ordinær førehandsstemming. Det vil seie at du kan stemme på det partiet du ønskjer, og eventuelt gje einskilde kandidatar ei ekstra stemme. Dette gjeld om du stemmer i eitt av dei to […]

To nye leiarar tilsett i Bjørnafjorden brann og redning

Erik Walden er tilsett som leiar beredskap / varabrannsjef i Bjørnafjorden brann og redning. Han kjem frå stillinga som underbrannmeister og utrykningsleiar i Bergen brannvesen. Walden tiltrer etter avtale med brannsjefen. Espen Storum har takka ja til stillinga som leiar førebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning, og tiltrer stillinga etter ferien. I juni blei […]

Manntalet er lagt ut

For å kunne stemme ved valet til kommunestyret i Bjørnafjorden kommune og fylkestinget i Vestland fylke må du stå i manntalet. Manntalet er ei liste over alle som har stemmerett ved val i Noreg. Det er ikkje nødvendig å registrere seg eller på nokon måte melde seg inn i manntalet – alle som har stemmerett […]

Prosjektet NAV Bjørnafjorden er i gang

  NAV-tilsette i Os og Fusa, i tillegg til flyktingetenesta i Fusa kommune, gjennomførte før sommarferien første workshop, og er såleis godt i gang med prosjektarbeidet. På workshopen blei det arbeidd med etikk, forslag til arbeidsgrupper, mandat og avstemming over forslag på visjon for NAV Bjørnafjorden. Ifølgje prosjektleiar Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth var tilbakemeldiga frå medarbeidarane […]