Oppføringer av Ragnhild Stende Bjaadal, kommunikasjonsrådgivar i Os kommune

Fusa offisielt inn i SIO-prosjektet frå 1. juli

Frå 1. juli blir Fusa kommune ein del av SIO-prosjektet (forsøksordning med statlege kriterium og finansiering av omsorgstenester), saman med Os. I juni var fusingane Gro Elisabeth Amås, Bodil Lunde hansen, Ann Kristin Næss, Lene Tveit og Anne Skagseth med osingane Liv Eriksen Villeneuve og Kari Wågsæther på ei informasjons- og opplæringssamling med Helsedirektoratet på […]

Siste møte i Fellesnemnda før sommaren

I dag, 17. juni klokka 12 samlar Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune seg til det siste møtet på denne sida av sommaren. Møtet finn stad i Kommunestyresalen i Os rådhus og er ope for alle interesserte. På dagsorden står mellom anna reglement for folkevalde, invitasjon til deltaking i bustadsosialt utviklingsarbeid og nytt ordførarkjede for Bjørnafjorden kommune. […]

Kva gjer kommunesamanslåinga med identitetskjensla til fusingar og osingar?

Dei rasjonelle argumenta for samanslåing av kommunar – «større og meir robuste»- kan verke i overkant kjølige og distanserte for ein som kjenner sterk tilhøyrsel og kjenslemessige band til fellesskapet i eigen kommune (kommune kjem jo av det latinske ordet for «felles»). Kva gjer samanslåing av kommunar med denne identitetskjensla hos mange av oss? Og […]

Leirstein ny byggesaksleiar for Bjørnafjorden og Andaas konstituert plansjef for Os

Jan Egil Leirstein er tilsett som leiar for byggesaksavdelinga i Bjørnafjorden kommune. Leirstein er plan- og bygningssjef i Fusa kommune, og vil fungere som leiar for byggesaksavdelingane i begge kommunane fram til dei blir éi byggesaksavdeling i Bjørnafjorden kommune. Asle Andaas blir konstituert som plansjef når noverande plansjef i Os kommune, Tina Sinclair, sluttar i […]

Godkjente vallister frå dei politiske partia

Vallistene blei godkjente i møte i valstyret 6. mai 2019. Godkjent valliste Arbeidarpartiet Godkjent valliste Fremskrittspartiet Godkjent valliste Høgre Godkjent valliste Kristeleg Folkeparti Godkjent valliste Miljøpartiet Dei Grøne Godkjent valliste Raudt Godkjent valliste Senterpartiet Godkjent valliste SV -Sosialistisk Venstreparti Godkjent valliste Venstre Sjå dei opphavelege listeforslaga.

Vil du vere valmedarbeidar?

Historisk val 1. januar 2020 slår Fusa og Os seg saman til Bjørnafjorden kommune. Ved valet 9. september skal det veljast representantar til kommunestyret i den nye kommunen, og til Vestland fylke. Valkrinsar  Bjørnafjorden kommune har desse valkrinsane frå og med kommune- og fylkestingsvalet 2019: Eikelandsosen, Fusa, Hålandsdal, Lysekloster, Nore Fusa, Nore Neset, Os nord, […]

Er du vår nye kommunalsjef for samfunnsutvikling?

Os kommune søker etter kommunalsjef for samfunnsutvikling. Den nye leiaren blir sentral i å bygge og utvikle nye Bjørnafjorden kommune, og får ansvar for å levere gode tenester innanfor plan, byggesak, oppmåling, vatn og avløp, eigedomsdrift og samferdsel. Frå 1. januar 2020 blir også kultureininga lagt til samfunnsutviklingsområdet. Her kan du sjå heile utlysingsteksten. Søknadsfristen er 2. juni.