Begeistra besøk på «Basen»

-«Basen» er eit fantastisk godt eksempel på vellukka tverrfagleg samarbeid til beste for barn og unge. Det er viktig og inspirerande for oss politikarar å sjå korleis dette fungerer i praksis, seier leiar i Tenesteutviklingsutvalet for Bjørnafjorden kommune, Eirik André Hesthamar (FrP).

Nore Neset ungdomsskule sto ferdig i 2014. Skulen rommar 418 elevar og 62 tilsette fordelte på 15 klassar. (Foto: Rambøll)

Trivsel på tvers: Spesialpedagog Randi Thuen frå Varafjell avlastningssenter og iinspektør Gry Janne Hovland på Nore Neset ungdomsskule gir politikarane i Tenesteutviklingsutvalet eit innblikk i skulekvaradgen ved «Basen».

Ved «Basen» på Nore Neset ungdomsskule får elevar med spesielle behov opplæring på tvers av alderstrinn. Dette er både elevar med spesielle, omfattande hjelpebehov og rett til spesialundervisning, og elevar som har behov for ekstra støtte og tryggleik i periodar – eller i enkelttimar. Tilbodet er eit samarbeid mellom Nore Neset ungdomsskule og Varafjell avlastingssenter i Os kommune.

Mange ulike tilnærmingsmåtar
Tenesteutviklingsutvalet fekk omvisning på Nore Neset ungdomsskule onsdag 5. desember. Her fekk dei òg eit innblikk skulekvardagen på Basen, og i tankane og målsettingane bak tilbodet.
– Elevane på «Basen» er på ulike kognitive nivå, men lærarane våre har eit utal ulike arbeidsmåtar og strategiar for å nærme seg kvar enkelt elev på hans eller hennar premissar. Målet er å ruste elevane best mogleg for å kvardagsliv og arbeidsliv når den tid kjem, fortel fagsjef for skule og barnehage i Os og framtidige Bjørnafjorden kommune, Per Olav Sørås.

Skreddarsydd opplæring
På «Basen» blir opplæringa skreddarsydd med utgangspunkt i kvar enkelt elev sine behov og moglegheiter. Opplæringa skjer i små grupper, og fokuserer på å skape tryggleik, trivsel og meistring. Opplæringa er i stor grad praktisk retta.
Alle elevane på «Basen» høyrer til ein vanleg klasse i tillegg. Eleven og dei føresette avgjer saman kva for aktivitetar han eller ho skal delta i saman med klassen.
– På denne måten er eleven ein del av eit sosialt og fagleg fellesskap både i og utanfor klassen, og får øve og oppleve meistring. Vårt motto er at alle elevar har gode føresetnader for å lære. Oppgåva vår er å finne ut kor dei er akkurat no og vise vegen vidare, seier Sørås.