Velkomen til Bjørnafjordkonferansen 2019!

Du treng ikkje reise heilt til Silicon Valley for å få nye idear – kom og bli inspirert på Bjørnafjordkonferansen!

Bjørnafjordkonferansen 2019

Oseana kunst- og kultursenter, Os
Tysdag 5. november 2019, kl.9-16

Når både Fusa, Tysnes, Austevoll og Samnanger kommune stemmer i eit rungande ja til å vere sponsorar for Bjørnafjordkonferansen saman med Os, får vi stadfesta at det er uendeleg med moglegheiter i og rundt fjorden vår allereie.
Bjørnafjordkonferansen skal pirre næringslivet i heile Bjørnafjord-regionen. Konferansen blir arrangert for første gong i år, og håpet er at det skal bli ein årleg konferanse.
Med temaet «Saman om vekst»  skal vi utfordre næringslivet til å sjå kva moglegheiter vi har rundt oss, og korleis vi kan gjere noko saman for å nå nye høgder. Både små og store bedrifter er i fokus. Arne Hjeltnes er konferansier, og leier oss gjennom eit program som skal gi inspirasjon og motivasjon til å sjå utover eiga bedrift og tenke nytt.

Les meir og meld deg på

For meir informasjon og påmelding, sjå www.bjornafjord-konferansen.no

Sjå òg Bjørnafjordkonferansen på Facebook.

Meld deg på innan 1. september for å få «earlybird-pris»!