Dette er Bjørnafjorden kommune

Os kommune og Fusa kommune slår seg saman til Bjørnafjorden kommune 1. januar 2020. Tal per 2017.
Ser du noko som er feil eller noko som manglar? Send ein e-post til info@bjornafjordenkommune.no

Folk

Areal

  • Areal: 519  km2
  • Ferskvatn: 30 km2
  • Kystline: 355,3 km
  • Grenser til: Bergen, Samnanger, Kvam, Tysnes, Kvinnherad
  • Høgaste fjell: Tveitakvittingen (1299 m.o.h.)
  • Største innsjø: Skogseidvatnet 5,28 km2

Næringsliv

  • 1093 bedrifter
  • 11 gasellebedrifter (2018)
  • Eide Fjordbruk AS er Årets gaselle 2018 i Hordaland og Noreg

Hus og hytter

  • Husstandar: 7765
  • 7274 einebustader, 769 leilegheiter
  • 1521 hytter

Veg

  • 171 km kommunal veg
  • 148 km fylkes- og riksveg

Skule og barnehage

  • 17 barneskular (14 kommunale, 3 private), 3 ungdomsskular og 4 vidaregåande skular (3 fylkeskommunale, 1 privat)
  • 24 barnehagar (8 kommunale, 16 private)

Kyrkjer

  • 7 kyrkjebygg
  • 13 kyrkjegardar

Fritid

  • Over 265 frivillige lag og organisasjonar registrerte i Frivillighetsregisteret
  • 3 svømmehallar, 6 innandørs hallar/gymnastikksalar, 18 fotballbanar, 23 ballbingar, 11 sandvolleyballbanar, 7 skytebanar, 1 friidrettsanlegg, 1 motorcrossbane, 2 lysløyper, 2 skiskyttaranlegg, 1 ridehall

Administrasjon

  • Tilsette i kommunen: Om lag 1700
  • Administrasjonsmålform: Nynorsk
  • Kommunesenter: Osøyro