Bjørnafjorden ungdomsråd på gang

Frå venstre Mira Hannisdal Nilsen, Erik Lunde, Vegard Fosså, Tommy Vold Gjeldsvik, Ida Anette Isdahl, Martine Særvold Pedersen. Framme i midten Evgenia Taranova.

– Ein treng ikkje vere partipolitisk engasjert for å engasjere seg politisk. Håpet mitt for Bjørnafjorden ungdomsråd er at de skal gi oss viktige og relevante innspel, slik at de er med på å utvikle lokalsamfunnet vårt. Det er flott at de engasjerer dykk, sa Os-ordførar Terje Søviknes til interimstyret for Bjørnafjorden ungdomsråd, då dei samla seg til det første møtet på rådhuset i Os måndag 25. mars.

Barn og unge si stemme

Eit ungdomsråd skal representere barn og unge sine interesser i politiske saker, på same måte som Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne representerer interessene til sine grupper.

Fusa kommune har hatt eit aktivt og oppegåande ungdomsråd i fleire år, medan eit ungdomsråd i Os av ulike årsaker ikkje har kome seg ut av startgropa, trass i fleire forsøk.
No er interimstyret (eit mellombels styre) for Bjørnafjorden ungdomsråd på plass, med leiar Erik Lunde frå Nore Neset ungdomsskule i Os og nestleiar Vegard Fosså frå Fusa vidaregåande skule, i tillegg til Ida Anette Isdahl frå Os ungdomsskule, Martine Særvold Pedersen frå Os gymnas, Tommy Vold Gjeldsvik frå Os vidaregåande skule, Mira Hannisdal Nilsen og Gaute Torgilstveit, begge frå Fusa ungdomsskule og Evgenia Taranova, som er fri representant.

Ordførarane i Os og Fusa, Terje Søviknes (FrP) og Atle Kvåle (Ap), helsar på interimstyret for Bjørnafjorden ungdomsråd.

Heiar på samfunnsengasjement

– Vi er heldige som gjennom fleire år har hatt eit velfungerande ungdomsråd i Fusa, sa Fusa-ordførar Atle Kvåle. – Rådet har kome med gode innspel som har vore til nytte for oss politikarar. Samstundes betyr jo ikkje det at dei alltid får gjennomslag for synspunkta sine, sa Kvåle, og la til at han heiar på samfunnsengasjert ungdom.

Men for å halde engasjementet ved like, må ein kjenne at ein utgjer ein skilnad. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sendt ei ny forskrift om råd for eldre, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og ungdomsråd  ut på høyring. Det ferske interimstyret uttalte som si første sak at dei meiner forskrifta må opne for at kommunestyret kan delegere avgjerder til rådsorgana, for å hindre at råda blir passive og berre «til pynt» for kommunen.

Får pengar
– Forskrifta må legge til rette for aktive og engasjerte råd som kan gjere sjølvstendige vedtak når dette er delegert frå kommunestyret, uttalte nyslått leiar for interimstyret, Erik Lunde, då han og resten av interimstyret presenterte seg for Fellesnemnda måndag. Fellesnemnda stilte seg bak uttalen – og gjekk i tillegg inn for at kvar av kommunane skal løyve litt pengar til det nye rådet sitt arbeid.

Interimstyret skal no førebu val av eit permanent ungdomsråd for Bjørnafjorden til hausten.