Brannsjef i Bjørnafjorden er tilsett

Eivind Hovden er tilsett som brannsjef i Bjørnafjorden kommune. (Foto: Midtsiden)

Eivind Hovden er tilsett som brannsjef for Bjørnafjorden brann og redning. Han kjem frå stillinga som leiar for operasjon i Hordaland Sivilforsvarsdistrikt. Hovden startar i jobben i løpet av august. Formelt er han tilsett som brannsjef i Os kommune, før han blir brannsjef i Bjørnafjorden kommune frå nyttår.

– Vi gler oss til å få Eivind med på laget, seier Nils-Petter Borge, framtidig ass. rådmann i Bjørnafjorden kommune.