Budsjett 2020 er lagt ut til offentleg ettersyn

Bjørnafjorden formannskap si innstilling til budsjett for 2020 og økonomiplan 2020-2023, inkludert gebyr- og prisliste for 2020, er lagt ut til offentleg ettersyn.
Innstillinga er  kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett, med dei endringar som kjem fram i budsjettframlegget frå Ap, Sp, MDG og KrF.

Budsjettframlegget finst berre i elektronisk utgåve.

Har du merknader til budsjettframlegget? Fyll ut det digitale høyringsskjemaet du finn her, eller send e-post til postmottak@os-ho.kommune.no Merk med saksnummer 19/8073

Frist for å sende inn merknad er 16. desember.

Her kan du sjå framlegga frå andre parti:

Budsjettframlegg frå FrP

Budsjettframlegg frå H

Budsjettframlegg frå SV

Bjørnafjorden kommunestyre behandlar budsjettet i møte 17. desember, og gjer endeleg vedtak i saka.