Budsjettkonferanse for Os og Fusa – og litt Bjørnafjorden kommune – 13. og 14. november

Tysdag 13. og onsdag 14. november samlar politikarar, administrasjon og tillitsvalde i Os og Fusa kommunar seg til budsjettkonferanse på Quality Hotel Edvard Grieg.
Rådmennene i begge kommunane har lagt fram sine respektive forslag til budsjett for 2019, inkludert investeringsbudsjett og økonomiplan for perioden 2019 – 2022.
På budsjettkonferansen skal formannskapet i Os gå gjennom budsjettframlegget for Os kommune, og formannskapet i Fusa skal gå gjennom framlegget for Fusa kommune.

Men skal ikkje vi slå oss saman i 2020, då? Jo, og difor skal politikarane og administrasjonen i Os og Fusa i tillegg ha ein felles seanse kor dei mellom anna rettar merksemda mot prosessen fram mot det første budsjettet for Bjørnafjorden kommune, som kjem på denne tida om ganske nøyaktig eitt år.

Sjå Os kommune sitt program for budsjettkonferansen.

Sjå Fusa kommune sitt program for budsjettkonferansen.