Budsjettkonferansen for Bjørnafjorden er i gang

 

Ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg (Ap), ønskjer velkommen til budsjettkonferansen. (Foto: Bjørnafjorden kommune)

Onsdag 6. og torsdag 7. november er formannskapet, gruppeleiarane i kommunestyret, store delar av kommuneadministrasjonen, hovudverneombod og tillitsvalde i Bjørnafjorden kommune samla til budsjettkonferanse på Scandic Hotel Kokstad. Her skal dei gå gjennom kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett for Bjørnafjorden 2020 og økonomiplan 2020 – 2023.

Sjå programmet for budsjettkonferansen her.

Dei tillitsvalde og verneombod i Bjørnafjorden kommune følgjer budsjettkonferansen.

Mange frå kommuneadministrasjonen er òg til stades på budsjettkonferansen – nokre blidare enn andre. (Foto: Bjørnafjorden kommune)

Budsjettkonferansen varar i to dagar. (Foto: Bjørnafjorden kommune)