Bunadbonanza! Aktivitetar i utstillingsperioden

Bonanza er spansk og betyr eigentleg «pent vêr», men har overført fått tydinga «rikdom» og «overflod» – ord som så visst kan brukast for å beskrive bunadane i Bjørnafjorden. (Foto: Erik Ask, Os fotoklubb)

Os husflidslag og Fusa husflidslag vil fortelje om og vise ulike teknikkar og handverk knytt til bunadar i Griegsamlingen kvar helg gjennom utstillingsperioden. Du kan òg ta med deg gamle drakter og draktdelar for registrering, eller berre komme innom for å slå av ein bunadsprat. Du er hjarteleg velkomen!

  • Søndag 10. november, kl. 13: Tett inntil hjartet. Om bringeklutar – historie, bruk og symbolikk. Foredrag med Oli Lilletvedt
  • Søndag 17. november, kl. 13: Sting for sting. Demonstrasjon av broderi til skjorte og forkle: Kvitsaum, svartsaum og filering
  • Søndag 24. november, kl. 13: Hovudsmykke. Demonstrasjon av ulike hår- og hovudplagg: Rogging, hårband, skaut og luer
  • Laurdag 30. november, kl. 13: Blondar og mannebein. Knipling av blondar og fletting av hoseband
  • Søndag 8. desember, kl. 13: Mange perler små.. Perling av bringeduk og belte i ulike teknikkar
  • Laurdag 4. januar, kl. 13: Den store bunadsdagen: Ta med deg spørsmål eller draktdelar til registrering, og få rettleiing i val til bunad. Eller berre stikk innom for å snakke bunad. Du er hjarteleg velkommen!