Gjer deg klar for Bunadbonanza!

Foto: Erik Ask, Os fotoklubb

Bunadbonanza!
Ei feiring av bunadane i Bjørnafjorden kommune

Utstillingsopning i Griegsamlingen, Oseana kunst- og kultursenter
2. november 2019 klokka 14

Opningsprogram laurdag 2. november, klokka 14:

Os spelemannslag spelar opp og leier an i polonese frå foajeen i Oseana og ned i Griegsamlingen. Ella Marie Brekke Vangsnes tar oss gjennom historia frå Ous til Bjørnafjorden på 15 minutt. Det blir helsing frå den heilt ferske Bjørnafjorden-ordføraren, bunadparade, dans og musikk. Arrangørane lovar ein fargesprakande og flott ettermiddag i Griegsamlingen.

Bunadane i Bjørnafjorden fortel spennande og fargerike historier om bjørnafjordingar gjennom tidene. Laurdag 2. november opnar utstillinga «Bunadbonanza!» i Griegsamlingen i Oseana kunst- og kultursenter. Utstillinga står til 5. januar 2020.
Fusa husflidslag, Os husflidslag, Oseana og Bjørnafjorden kommune står bak denne utstillinga som, omkransa av landskapsmåleri og andre verk frå Griegsamlingen, samlar bunadar til ei storslått feiring av fellestrekk og variasjonar i den rike og høgst levande bunadtradisjonen i regionen vår.

Rekonstruerte Fusa-bunadar. (Foto: Erik Ask, Os fotoklubb)

Bunadsamanslåing

-Ettersom utstillinga kjem i stand fordi Os og Fusa skal slå seg saman til Bjørnafjorden, synest vi det kan passe å arrangere utstillinga som ein bryllaupsfest, fortel Oli Lilletvedt frå Os husflidslag, Torill Os Ådland frå Fusa husflidslag og Ragnhild Stende Bjaadal frå Bjørnafjorden kommune.

Saman med andre representantar frå bunadsgruppene i Os husflidslag og Fusa husflidslag, utgjer dei arbeidsgruppa for utstillinga som har fått namnet «Bunadbonanza!»
Bonanza er spansk og betyr eigentleg «pent vêr», men har overført fått tydinga «rikdom» og «overflod» – ord som så visst kan brukast for å beskrive bunadane i Bjørnafjorden.

Bjørnafjorden-bunaden

Bunadane i Bjørnafjorden-regionen kjem i svært mange variantar og ulike fargar, avhengig av epoken og krinsen dei oppstod i. Samstundes er det mange fellestrekk på kryss og tvers av kommunegrensene og fjordarmane.

– Med denne utstillinga ønskjer vi å vise både forskjellane og dei mange likskapane mellom draktene i Os og Fusa. Vi dristar oss til å seie at det alt finst ein «Bjørnafjorden-bunad», nemleg den damebunaden som blir kalla «rekonstruert Fusa-bunad» og «rekonstruert Os-bunad», seier Oli Lilletvedt og Torill Os Ådland.

Utstillinga vil vise dame-, herre- og barnebunadar og -tilbehøyr frå Os, Fusa og Samnanger. For sjølv om Samnanger sa nei til å bli ein del av Bjørnafjorden kommune, er kommunen unekteleg ein del av same draktområde som Os og Fusa.

Bonanza er spansk og betyr eigentleg «pent vêr», men har overført fått tydinga «rikdom» og «overflod» – ord som så visst kan brukast for å beskrive bunadane i Bjørnafjorden. (Foto: Erik Ask, Os fotoklubb)

Tema og demonstrasjonar kvar helg

Detalj frå rekonstruert damebunad frå Os (Foto: Finn Christian Wammer, Os fotoklubb)

Kvar helg i utstillingsperioden vil husflidslaga fortelje om ulike tema og demonstrere teknikkar knytt til bunadane, som broderi på skjorte og forkle, knipling og fletting av hoseband og perling av bringeklutar og belte.  Publikum kan òg få med seg eit foredrag om bringeklutar, i tillegg til å ta med seg gamle draktdelar til registrering og få rettleiing i val til bunaden.

Sjå program for aktivitetar i utstillingsperioden

Måleri som står til bunadutstillinga

Frå venstre: Hardangerbunad og rekonstruert Os-bunad. (Foto: Finn Christian Wammer, Os fotoklubb)

Ekstra stas er det å ha utstillinga i Griegsamlingen i Oseana kunst- og kultursenter. Måleria vil vere spesielt utvalde til å harmonere med og utfylle utstillinga gjennom utstillingsperioden.

 

P.S. Os fotoklubb har tatt dei flotte bileta som skal hjelpe å spreie ordet om utstillinga. Husflidslaga hadde ein fantastisk juniettermiddag i hagen på Solstrand, kor entusiastiske hobbyfotografar fekk leike seg med eit tredvetals bunadkledde små og store modellar.