Den nye aktivitetsportalen er open

 

Meir enn 30 lag og organisasjonar i Bjørnafjorden kommune var måndag ettermiddag samla for å lære å bruke aktivitetskalenderen Friskus. Tilsette i Bjørnafjorden kommune blei kursa på føremiddagen.

I løpet av ettermiddagen dukka det opp ei rekke aktivitetar på bjornafjorden.friskus.com, etter kvart som deltakarane på kurset lærte korleis verktøyet fungerer.

«Den nye aktivitetskalenderen samlar aktivitetar og arrangement i frivillig sektor. Dermed blir det enkelt for innbyggarane å finne det dei vil delta på, eller melde seg som frivillig. For lag og organisasjonar, frivilligsentralen og andre kommunale einingar er Friskus ein effektiv plattform for å nå mange. Vi håpar sjølvsagt at alle frivillige lag og organisasjonar i Bjørnafjorden vil ta i bruk den nye aktivitetsportalen», seier Bjørg A. Sjøbø, leiar i arbeidsgruppa. Bjørnafjorden kommune har kjøpt lisens, slik at det er gratis for innbyggarar og frivillige organisasjonar å bruke Friskus.

Frå januar blir aktivitetskalenderen lett tilgjengeleg på heimesida til Bjørnafjorden kommune.