– Den som balanserer på ein knivsegg, bør ikkje forskreva seg

Før flytta folk dit arbeidsplassen var. I dag er det andre ting som avgjer kor folk vil busette seg.
– Det er faktisk ikkje slik at di fleire arbeidsplassar vi har, di fleire innbyggarar får vi, seier Terje Raunsgard, einingsleiar for samfunnsutvikling, økonomi og service i Fusa kommune.

Terje Raunsgard, einingsleiar for samfunnsutvikling, økonomi og service, fortel samfunns- og næringsutvalet for Bjørnafjorden kommune ein ting og to. (Foto: Bjørnafjorden kommune).

Bustader, næringsareal, kompetanse, tilskotsordningar, gründerparkar, kaféliv, gode skular og barnehagar, støtteapparat, kulturliv, butikkar, idrettsanlegg og badeplassar er nokre av ingrediensane som må vere med i miksen som gir næringsutvikling. Vi kan ikkje sjå på næringsutvikling berre som oppretting av arbeidsplassar, meiner Raunsgard, som denne veka var invitert til samfunns- og næringsutviklingsutvalet for Bjørnafjorden kommune for å snakke om kva som skjer og skal skje på næringsområdet i Fusa.

Tabellen viser kor mange som jobbar i dei ulike næringane i Fusa, Os og Bergen. Industriarbeidsplassane dominerer naturleg nok i Fusa, saman med bygge- og anleggsverksemd og primærnæringane (inklusiv oppdrett).  I Os er fordelinga meir spreidd, med mange i varehandel og bygg- og anleggsverksemd.

– Kan ikkje satse på alle stader

– Fusa har sjølvsagt eit anna utgangspunkt for områdeplanar og næringsutvikling enn Os og Lyseparken, men vi har opplevd ein stor auke i talet på reguleringsplanar dei siste åra. Fusa har òg eit anna utgangspunkt for sentrumsutvikling, med mange små grendesentrum. Korleis skal vi ta vare på desse sentra, og samstundes sikre vidareutvikling? spurde Raunsgard politikarane.
– Vi må tore å seie at det er nokre stader vi skal satse på i den nye kommunen, og ikkje alle. Dette er spennande og viktige diskusjonar, meinte utvalsleiar Svein Lang (Sp, Fusa).

Tabellen viser kor mange av innbyggarane i Fusa, Os, Samnanger og Bergen som pendlar til ein av dei andre kommunane. 

– Ikkje så enkelt som ein skulle tru

-Det er heilskapen folk er ute etter når dei vel kor dei skal etablere seg. Det er det store biletet som avgjer. Bjørnafjorden kommune har eit fantastisk utgangspunkt. Vi «stel» potensielle innbyggarar til Bergen. Fusa ligg kanskje litt langt unna for pendling til Bergen. Samstundes ligg jo Samnanger nærare Bergen enn Fusa, men har ei dårlegare folketalsutvikling. Det syner at reknestykka kanskje ikkje er så enkle som ein skulle tru, seier Raunsgard, som har vore med på å planlegge og bygge Fusa-samfunnet sidan midten av 80-talet.

Heldige politikarar

-Fusa har nokre kvalitetar å bygge vidare på, Os andre. Eg veit at næringssjef i Os, Daniel Skotheim, tenker både Fusa og Os når det kjem til næringsutvikling, så det er eg ikkje bekymra for.
Vi i administrasjonen og de politikarar er utruleg heldige som får vere med og planlegge og påverke i denne prosessen. Vi er med på å lage noko heilt unikt! Vi må vere framsynte, samstundes som vi ikkje må sette i gang for mykje utan å vite kvifor vi gjer det. Den som balanserer på ein knivsegg, må som kjent ikkje forskreva seg, oppmoda Raunsgard.