Desse blir leiarar i Bjørnafjorden kommune

No begynner det å bli klart kven som blir leiarar for dei ulike einingane/ansvarsområda under kommunalsjefane, populært kalla «nivå 2». Nokre namn manglar framleis, men vil vere klare i løpet av kort tid. Desse er markerte med «prosess pågår». Ingen av einings-/avdelingsleiarane i Organisasjon og innovasjon er klare enno, difor manglar førebels oversikt for dette området.

Klikk på bileta under for å sjå organisasjonskart for Helse og velferd, Oppvekst og Samfunnsutvikling i full storleik:

 

– Vi har hatt ein ryddig og god prosess, seier rådmann i Os og Bjørnafjorden kommune, Christian Fredrik Fotland.
– Det er klart det er vanskeleg og krevjande å skulle velje mellom dyktige, allereie kvalifiserte folk. Heldigvis har vi hatt gode funksjonsbeskrivingar og kompetansekrav å støtte oss til, i tillegg til eit godt samarbeid med dei tillitsvalde. Dei fleste namna er på plass no. Namna som manglar vil vere på plass i løpet av kort tid.

Slik har tilsettingsprosessen gått føre seg
Kommunalsjefane har gjennomført avklaringssamtale med dei aktuelle kandidatane innleiingsvis. Nokre kandidatar har takka nei til vidare deltaking i innplasseringprosessen. Vi har likevel vald å gjennomføre innplasseringssamtalar sjølv om det berre har vore èin kandidat til ei stilling. Dette har vore viktig og nyttig for å  avklare forventningar til stillinga – både for kommunalsjefen og den aktuelle leiaren. Personalavdelinga og tillitsvalde frå Fusa og Os har vore med i desse samtalane. Leiarkandidatane har fått utdelt retningsliner for tilsetting og samtalemal saman med funksjonsbeskrivelsen som førebuing til samtalen.

– No blir det viktig for kommunalsjef og ny einingsleiar i Bjørnafjorden kommune å vere godt kjende med tenestene når vi saman skal bygge Bjørnafjorden kommune. Det skjer mykje godt arbeid og erfaringsdeling i delprosjekta. Men for å bli betre kjent med dagens teneste og alle tilsette i Fusa og Os, vil dei nye leiarane og kommunalsjefane invitere seg inn i avdelingsmøte i sine aktuelle tenester i løpet av november, seier rådmannen.

Har du spørsmål om tilsettingane eller prosessen? Ta kontakt med kommunalsjef for ditt område.