Desse får tilskot frå Herkjembjørnafjorden-fondet

Denne utlysinga gjekk ut i februar, og vi fekk 31 søknader. No er det klart kva for aktivitetar som får støtte frå Herkjembjørnafjorden-fondet.

I februar vedtok Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune å sette av midlar til eit fond kor lag og organisasjonar kan søkje om midlar til å gjennomføre aktivitetar innan 1.1.2020.
Målet for tiltaket er å vise breidda i alt som rører seg innan kunst, kultur, musikk, idrett, natur og anna i den nye kommunen vår i løpet av 2019.

Kriterium for tildeling

I utlysinga av midlane var desse kriteria for tilskot:

  • Målgruppa er frivillige lag og organisasjonar
  • Aktiviteten må vere:
    • Nyskapande. Til dømes ta i bruk nye arenaer og/eller oppsøke nytt publikum.
    • Inkluderande. Til dømes utspele seg på hi sio av fjorden eller på annan måte inkludere bjørnafjordingar i både Os og Fusa. Aktiviteten/-ane må gå føre seg i Os eller Fusa.
    • Inviterande. Vi oppmodar til samarbeid og kulturell brubygging.

Vedtak og grunngjeving er basert på desse kriteria. Vi har òg tatt omsyn til om same søkjar eller same aktivitet har fleire søknader.

Fordeling av tilskot frå Herkjembjørnafjorden-fondet

Tiltak Søkjar Grunngjeving Tildeling
Supersøndag Bjørnafjorden – fotballskule for Bjørnafjorden 1.-7. klasse Os Turnforening Nyskapande og brubyggande 10.000
Søknad om driftstilskot Fusa hagelag

 

Preg av å vera ordinær drift, difor redusert 2.500
Brubygging – open dag Os sportsskyttarlag Nyskapande

Inviterande

10.000
Søknad om tilskot øyremerka aktivitet i Fusa Folkeakademiet Os

 

Nyskapande og brubyggande 10.000
Open dag på CISV leir i Os CISV Os lokallag

 

Preg av å vera ordinær drift, difor redusert 2.500
Bunadsutstilling på Oseana Fusa husflidslag og Os husflidslag

 

Nyskapande og brubyggande 10.000
Felles medlemsmøte med foredrag og mat Os og Fusa Os turlag Nyskapande og brubyggande 10.000
Gratiskonsert på ferjo 25.8.19 Os musikkforening Nyskapande og brubyggande 10.000
Kulturmøte rundt handverkstradisjonar i Lyngheimtunet Stiftinga det historiske tunet på Lyngheim Nyskapande og brubyggande 10.000
Fotoutstilling i vognhallen i samarbeid med Os fotoklubb Fortidsminneforeningen Os Nyskapande og inviterande 5.000
Markering av handverksdagen 7/9 Fortidsminneforeningen Os Nyskapande og brubyggande 10.000
Rundtur med omvising i Fusa Os pensjonistforening Brubyggande 5.000
Torgdag med frivilligdag for Bjørnafjorden på Øyro 25. mai Os MC og MX klubb Nyskapande og brubyggande 10.000
Dansekveld/sosial kveld for alle – ein onsdag i månaden på Oseana Os swingklubb Brubyggande 10.000
Sosiale samlingar/ arrangement for barn Redd barna cup Nyskapande og brubyggande 5.000
Blåtur for å bli kjend med kulturarven i Fusa Os husflidslag Brubyggande 10.000
Fossande kultur – aktivitetsdag ved Koldalselva 21/6 Vennelaget for Koldalsfossen Nyskapande 10.000
Nettverksamling for frivilligsentralar på Solstrand 2.-3./4 Fusa frivilligsentral Nyskapande og brubyggande 10.000
Drift og aktivitet i besøksteneste Os røde kors Preg av å vera ordinær drift, difor redusert 2.500
Inspirasjonsforedrag med Geir Styve for bønder og andre interesserte Fusa bondelag og Os bondelag Nyskapande og brubyggande 10.000
Vinnesfestivalen for ungdom i Os og Fusa- rusfritt arrangement og organisert transport frå Os-sida. Vinnesfestivalen Nyskapande og brubyggande 10.000
Tryggleik og teknikk-kurs for barn og unge i basseng både i Os og Fusa Os padleklubb Brubyggande 10.000
Nyskapande aktivitetar i ungdomshuset på Holmefjord UL Samhald Nyskapande og brubyggande 10.000
Tema «Fremtidens kulturminner» på Kulturminnedagane 2019 – førelesing Fortidsminneforeningen Os Har fleire søknader, difor redusert 2.500
Hyggjekveld for pensjonistar i Os og Fusa 13.9.19 Os pensjonistforening Nyskapande og brubyggande 5.000

 

Tilskotet blir utbetalt i løpet av mai månad. Vi vil be arrangørane om å synleggjere at dei har mottatt tilskot frå «Herkjembjørnafjorden-fondet» ved å nytte emneknaggen #herkjembjornafjorden i sosiale medium og andre naturlege samanhengar.
Informasjon om tid og stad for arrangementet må meldast inn til info@bjornafjordenkommune.no slik at vi kan lage ei felles oversikt og marknadsføring av aktivitetane. Ein enkel rapport om arrangementet kan sendast på e-post til same adressa i etterkant.