Desse skal organisere det første valet i Bjørnafjorden kommune

Alle val er viktige historiske hendingar. Men kommune- og fylkesvalet 2019 er ein ekstra milepæl. Det er første val for Bjørnafjorden kommune – og det til og med før Os og Fusa er slått saman.
Måndag 9. september 2019 skal framtidige bjørnafjordingar avgjere kven som får æra av å representere dei i det aller første kommunestyret i Bjørnafjorden.

Prosjektgruppa for val 2019 i Bjørnafjorden kommune, f.v. Gunn Sissel Teigen, Aina Haugland, Andris Hamre, Marianne Kramer, Terje Raunsgard og Elisabeth Vinje Nydal. Bjørn Vik Solheim var ikkje til stades då biletet blei tatt.

Å organisere og gjennomføre eit val er litt av eit puslespel, og det trengst mange menneske i mange ulike funksjonar for å sikre effektiv gjennomføring av det heile. Når du går inn i stemmeavlukket i eitt av dei til saman 12 stemmelokala rundt om i Os og Fusa, anten det er for å førehandsstemme eller avlegge stemme på sjølve valdagen, skal det vere enkelt og trygt å utføre borgarplikta.

Små og store oppgåver

Politikarane får naturleg nok mesteparten av merksemda når det er val. Men bak i kulissane for kommune- og fylkestingsvalet i Bjørnafjorden jobbar over 150 valmedarbeidarar med alt frå å sitte i røystestyret for valkrinsane, til bestilling av stemmesetlar og valurner, klargjering, merking og sikring av vallokale, transport av stemmer, skanning av stemmesetlane og rapportering av valresultat – og ei mengde andre små og store oppgåver. Alt for å sikre gjennomføring av eitt av dei aller viktigaste prinsippa i eit demokrati: eit fritt val mellom fleire kandidatar.

Strenge krav til datasikkerheit

Dei to kommunane våre har kvar for seg organisert og gjennomført mange val tidlegare. Kva vil vere annleis denne gongen?

– Den store skilnaden er at vi skal halde val i to kommunar, i staden for i èin, seier prosjektleiar for Val 2019, Marianne Kramer. Saman med resten av prosjektgruppa (biletet), er ho i ferd med å skaffe seg oversikt over alt og alle som skal vere på plass til det første Bjørnafjorden-valet.
– Og så vil det sjølvsagt vere annleis at det står «Bjørnafjorden kommune» på stemmesetlane, ikkje «Os» eller «Fusa». Det er òg ein del nye og strengare krav til fysisk sikring av lokale og auka datasikkerheit, fortel Kramer.

Elektronisk manntal

Dette valet er første gong Fusa kommune vil gjere elektronisk avkryssing i manntalet i staden for manuelle oppslag i permar. Dette er enklare, sikrare og meir effektivt for både valmedarbeidarar og veljarar. Alle stemmene frå Fusa blir frakta til Os for oppteljing, saman med dei andre stemmene frå framtidige Bjørnafjorden kommune..
Når vallokala stenger, blir stemmene talde opp og registrerte i det elektroniske valadministrasjonssystemet EVA. Etter kvart som stemmene i kvar krins er klare, blir stemmesetlane frakta frå vallokala og inn til Os rådhus. Her blir alle stemmesetlane skanna elektronisk, talde opp på nytt og sjekka for gyldig stempel og andre moglege feil.

Bli med!
Dersom du har jobba med val tidlegare, vil du få ein førespurnad frå Marianne og co om du blir med i år òg. Dersom du ikkje har vore valmedarbeidar tidlegare, men kunne tenke deg å vere det, er du hjarteleg velkomen til å sende ein e-post til makr@os-ho.kommune.no. Det er mange ulike roller og oppgåver i samband med eit val, og du vil få god opplæring.

– Å jobbe med val er spennande, lærerikt og ei svært meiningsfylt oppgåve – kanskje den viktigaste jobben vi i kommunen kan gjere for innbyggarane og lokaldemokratiet. Eit val er alltid spennande, men dette valet må eg innrømme er litt ekstra stort. Det er jo dette valet som skal forme Bjørnafjorden kommune, seier Kramer.