– Det skal vere enkelt å få svar i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjordingane ønskjer seg både gode sjølvbetjeningsløysingar på nett og å kunne møte opp i eit kundemottak for å snakke med kommunen andlet til andlet. Dette viser resultatet av spørjeundersøkinga vi sendte ut til innbyggarane i Os og Fusa i oktober i fjor.

– Det skal vere enkelt å få svar i Bjørnafjorden kommune. For å bli betre, må vi jo først vite korleis stoda er i dag, kva oppleving innbyggarane har i møte med oss og kva for ønske og forventingar dei har til service i den nye kommunen, seier organisasjons- og innovasjonssjef i Os og Bjørnafjorden kommune, Elisabeth Farstad.
I undersøkinga bad vi om tilbakemeldingar på servicen vår, og innspel til kva kanalar innbyggarane helst vil bruke når dei skal finne informasjon og ta kontakt med oss.

Resultatet av spørjeundersøkinga er ein viktig del av forprosjektet «Brukarbehov, brukarreise og ressursbruk i Bjørnafjorden kommune». Ved hjelp av Steinar Christensen frå Ziel Consulting AS har vi kartlagt talet på førespurnader på telefon, e-post og fysisk oppmøte i dei to publikumsekspedisjonane, i tillegg til besøk på nettsidene.

Heile 25, 8 prosent av fusingane og 23,6 prosent av osingane svarte på undersøkinga, anten via SMS-en vi sendte ut eller ved å gå inn på lenka på kommunane sine nettsider. I tillegg fekk vi inn over 3200 kommentarar og innspel. Til saman gir dette oss verdifull kunnskap om stoda i dag og korleis vi skal rigge oss for framtida.
Rapporten frå forprosjektet skal leggast fram for Tenesteutviklingsutvalet og Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune i februar. Etter dette kjem administrasjonen til å lage ein tiltaksplan for områda som rapporten peikar på.

Slik svarte fusingane

  • 2879 personar mottok undersøkinga

  • 744 svar på heile eller delar av undersøkinga

  • 25,8 % respons

Sjå utdrag frå rapporten for spørjeundersøkinga i Fusa kommune. Klikk på kvart bilete for større versjon.

  • 10 616 personar mottok undersøkinga

  • 2534 svar på heile eller delar av undersøkinga

  • 23,6 % respons

Sjå utdrag frå rapporten for spørjeundersøkinga i Os kommune. Klikk på kvart bilete for større versjon.