Dette blei diskutert på samarbeidsmøta 21. november

Leiinga for Bjørnafjorden-prosjektet, tillitsvalde, verneombod, kommunalsjefar og andre som jobbar med samanslåinga møtest annankvar veke til samarbeidsmøte frå klokka 8.30 til 12.00.
Her tar dei opp ulike saker, frå status for dei ulike delprosjekta til framtidig organisering av einingar, og saker som er melde inn frå tilsette via dei tillitsvalde. Her kan du lese meir om kven som deltek i desse møta og kva som er formålet.

På samarbeidsmøta torsdag 21. november handla det om dette:

  • Overgang til ny Profil-base for Bjørnafjorden. Orienteringssak. Alle dette vedkjem skal ha fått informasjon.
  • OI-endringar: Elisabeth Farstad har gått over i ny rolle som formannskapssekretær og leiar for utvalssekretærane i Bjørnafjorden kommune. Det er positivt og nødvendig at denne funksjonen blir styrkt. Nils-Petter Borge har overtatt leiaransvaret for avdelingane og funksjonane i tidlegare Organisasjon og innovasjon. Han har kalla inn dei som har sitte i OI-leiargruppa til samling 12.- 13. desember, og planlegg ei fellessamling for heile staben i januar.
  • Barnevern på Fusa-sida: Nokre av samarbeidspartnarane til barneverntenesta har uttrykt bekymring for at det ikkje vil vere tilsette i barnevernet med fast kontorstad i Eikelandsosen. Line Rye informerte om at barnevernsleiaren i Bjørnafjorden kommune er i dialog med dei ulike tenestene. Dei vil legge opp til ei ordning der leiinga er til stades i Eikelandsosen på faste dagar, i tillegg til saksbehandlarane, som i dag. Løysinga vil bli evaluert etter seks månader.
  • Samfunnsutvikling: Ny kommunalsjef startar om ein drøy månad. Leiinga har forståing for at situasjonen opplevast som frustrerande for mange tilsette.
  • Opningstid i Bjørnafjorden: Delta etterlyste informasjon rundt opningstider/arbeidstid i Bjørnafjorden kommune. Rådmannen svarte at informasjonsmøtet 27. november (for alle tilsette ved rådhuset og Kommunetunet) vil gi konkrete svar på dette og liknande  spørsmål.
  • Etterlyser informasjon: Delta etterlyste felles informasjon rundt organisering av Dokumentsenteret og delar av resten av stab- og støttetenestene, og peika på at eksisterande leiarar, som ikkje skal vere leiarar i Bjørnafjorden, ikkje alltid får nødvendig informasjon – og difor heller ikkje kan vidareformidle informasjonen til dei tilsette.
  • Teknisk drift: Delta etterlyser rapport frå delprosjektet og organisasjonskart.
  • Overføring av kemnarfunksjonen til staten: Nokre oppgåver og arbeidsplassar innan skatt blir att i kommunane, til dømes innkrevjing og rekneskapsføring av kommunale krav og kommunal inkasso. Når startar arbeidet med å identifisere kva og kven dette gjeld? spurde Delta. Rådmannen svarte at det er rett at nokre av tilleggsoppgåvene forblir kommunale, men at kommunen ikkje styrer prosessen. Økonomidirektør Ingrid Karin Kaalaas og kemnar Andreas Berge skal på ei samling hos Skatteetaten i starten av desember for å få meir informasjon om prosessen og snakke med andre kommunar.