Dette blei diskutert på samarbeidsmøta for Bjørnafjorden 17. oktober

Samarbeidsmøta er eit fast møtepunkt kor prosjektleiinga, kommunalsjefane, tillitsvalde og andre som jobbar med samanslåinga av Os og Fusa, kan diskutere aktuelle saker og ta opp spørsmål frå tilsette.

Leiinga for Bjørnafjorden-prosjektet, tillitsvalde, verneombod, kommunalsjefar og andre som jobbar med samanslåinga møtest annankvar veke til samarbeidsmøte frå klokka 8.30 til 12.00.
Her tar dei opp ulike saker, frå status for dei ulike delprosjekta til framtidig organisering av einingar, og saker som er melde inn frå tilsette via dei tillitsvalde. Her kan du lese meir om kven som deltek i desse møta og kva som er formålet.

 

På samarbeidsmøta for Bjørnafjorden 17. oktober, handla det om dette:

  • Budsjett 2020 og økonomien i Bjørnafjorden fram mot 2022: Det nærmar seg ferdigstilling av rådmannens framlegg til budsjett for Bjørnafjorden kommune 2020.
    Uroen for økonomien som rådmannen har uttrykt over lengre tid, er først og fremst knytt til 2021 og framover.
    – Vi må redusere driftskostnader på ein god og smart måte. Vi snakkar omstilling og utvikling, ikkje kutt, sa rådmann Christian Fotland.
    Rådmannen ønskjer å organisere dette arbeidet som eit tverrfagleg prosjekt, kor dei ulike områda og tenestene sjølve kartlegg moglegheiter og kjem med forslag til løysingar ved hjelp av Innolab-metodikk.
    – Økonomirådgivarane i kommunen er nøkkelpersonar i dette arbeidet. Det er dei som verkeleg kjenner økonomien i dei ulike kommunalområda og tenestene, sa Fotland.
  • Kemnarfunksjonen ikkje lenger i kommunen? I framlegget til statsbudsjett er skatteoppkrevjarfunksjonen foreslått flytta frå kommunen til staten. Dersom dette blir vedtatt, betyr det at ansvaret for innkrevjing av skatt i Bjørnafjorden kommune blir flytta til Skatt Vest. – Dette vil i så fall vere leit både for kommunen og dei seks tilsette ved kemnarkontoret, sa økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas. – Dersom dette går gjennom, mister vi svært gode og kompetente kollegaer, samstundes som funksjonen mister nærleiken til lokalsamfunnet.
    Fleire fagforbund og interesseorganisasjonar har gått mot forslaget. Stortinget avgjer dette før jul. Dersom kemnarfunksjonen blir avgjort flytta, vil det tre i kraft frå juni 2020.
  • Arkiv både i Os og Fusa: Det er no avgjort at tilsette ved arkivet – eller Dokumentsenteret som det skal heite i Bjørnafjorden, skal ha arbeidsstad både i Os- og Fusa-delen av den nye kommunen. Dei tilsette melder tilbake at dei har fått for lite informasjon om prosessen undervegs. Dårleg kommunikasjon har skapt misforståingar. Leiinga beklagar dette.
  • Tenester ut av NAV: Flyktningtenesta og sosial bustadoppfølging skal flyttast ut av NAV, og organiserast ein annan stad i Bjørnafjorden kommune frå 2020. Kor dette blir, er ikkje avklart enno.
  • Helsefremming og rehabilitering: Monica Totland Melvold, kommunalsjef Helse og velferd, orienterte om prosessen med organisering av denne eininga så langt.
  • Skuleleiarar: Line Rye, kommunalsjef Oppvekst: Forslag til funksjonsbeskriving for rektorstillingar og inspektør-/avdelingsleiarstillingar snart klar. Det blir innplasseringssamtalar/forventningsavklaringssamtalar med dei som får endring i stillingane sine.
  • Organisering Samfunnsutvikling: Alle tilsette har vore involverte i den nye runden med innspel til organisering av kommunalområdet. Rapporten frå TWI Consulting er klar, og tilrår èin felles leiar for heile Samfunnsutvikling. Ny kommunalsjef, Jarle Kvalvik, startar i jobben 1. januar 2020.
  • Organisering Innovasjon og organisasjon (OI): Framlegg til organisering av OI har vore ute på ny høyringsrunde, og fått mange innspel. Mange har stilt spørsmål ved om personalfunksjonar/-oppgåver skal flyttast frå Personal til Dialog, slik at Dialog blir ei «HR light»-avdeling. Rådmann Christian Fotland understreka at det er spesifikt organisasjonsutvikling knytt til innbyggarkontakt og Innolab som skal høyre under Dialog, og at dette har skapt forvirring fordi det ikkje kjem godt nok fram i framlegget til organisering. Hovudverneombod Guri Handeland og Åse M. Gjerde frå Delta meinte at prosessen og involveringa av dei som skal jobbe i OI har vore for dårleg. Den overordna organiseringa av «boksane» i OI (Kvalitet, Dialog, ITHjelpa, DigiBjørnafjorden og Dokumentsenter/arkiv) er vedtatt, men innhaldet må ein jobbe vidare med.
  • Brev om verksemdsoverdraging blir sendt ut til alle tilsette i veke 47. Nye arbeidsavtalar blir sendt ut på nyåret.
  • Kva skjer med restferie, plusstid osb. når vi går over i ny kommune? Les denne informasjonen frå personalsjef Eva Røttingen.
  • Eventuelt:
    – Tidlegare brannsjef i Os, Stein Gjøsund, har arbeidsstad i Eikelandsosen fram til han går av med pensjon sommaren 2020. Han vil ha prosjektbaserte arbeidsoppgåver innan brann og redning knytt til Vestland fylke.
    – Budsjettkonferanse 6. og 7. november.