Dette er sakene på det siste fellesnemnd-møtet for Bjørnafjorden

Politikarar og tillitsvalde i skjønn foreining på historas siste møte i fellesnemnda og partssamansett utval for Bjørnafjorden kommune: Frå venstre og bakre rekke: Marie Bruarøy (H), Gustav Bahus (FrP. Vara for Terje Søviknes), Nils-Anders Nøttseter (MDG), Lars Erik Dalland (H), Bjarte Samnøy (KrF. Vara for Mikael Leigland)), Helge Steinum (Ap), Laila Marie Reiertsen (FrP), Margunn Y. Samnøy (Sp), Christian Fredrik Fotland (prosjektrådmann og framtidig rådmann i Bjørnafjorden kommune, Nils-Petter Borge (rådmann i Fusa og framtidig ass. rådmann i Bjørnafjorden kommune), Trond O. Solholm (Fagforbundet Os). Første rekke frå venstre: Atle Kvåle (Ap. Ordførar i Fusa kommune), Ranveig Næss (H), Svanhild Riise (Utdanningsforbundet Fusa), Siw-Ingrid Kaland (Fagforbundet/LO Fusa), Åse Gjerde (Delta Os), Ingrid Nissen Kjørsvik (Utdanningsforbundet Os) og Linda Ann Lohne (Delta/YS Fusa).

I dag, måndag 14. oktober 2019, møtest Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune for siste gong. Lokalisering av arbeidsplassar, rekneskapsrapport og VA-norm er mellom sakene som står på dagsorden. Her kan du sjå heile sakslista.

Kommunestyret for Bjørnafjorden tar over styringa i den nye kommunen når det konstituerer seg 29. oktober.