– Eg gler meg veldig over å vere tilbake

For knappe tre veker sidan sytte sekretæren hans i departementet for full kontroll over kalenderen og nytrukken kaffi til alle møte. No må Os-ordføraren sjølv lage kaffien og rydde opp etter seg. – Det passar meg i grunnen bra, seier han. (Foto: Simen Soltvedt)

For knappe tre veker sidan sytte sekretæren hans i departementet for full kontroll over kalenderen og nytrukken kaffi til alle møte. No må ordføraren sjølv lage kaffien og rydde opp etter seg.
– Det passar meg veldig bra. Eg treivst godt som statsråd, men det kjennest veldig rett å vere tilbake som ordførar. Det kjekkaste med å vere ordførar er å treffe folk. Ein av departementsrådane i Olje- og energidepartementet fortalde meg at han har jobba under 22 statsrådar, men at eg var den første med ordførarbakgrunn. Han meinte at det var både nyttig og positivt for embetsverket å ha ein statsråd med lang ordførarerfaring.  Det var ei veldig hyggeleg tilbakemelding å få. Eg er jo ikkje ein typisk partipolitikar. Eg vil gjerne vere ein politikar for alle, seier heimvend Os-ordførar og no leiar av Fellesnemnda, Terje Søviknes.

Trur entusiasmen vil stige att

Ordførarvikar Marie Bruarøy (H) har leia Fellesnemnda for kommunesamanslåinga medan Søviknes var olje- og energiminister. No tar Søviknes over.
-Eg har registrert at entusiasmen for prosjektet kanskje er noko mindre enn han var i starten. Dette er heilt naturleg, trur eg. Så langt har det meste handla om praktisk arbeid internt i organisasjonane, og ikkje dei store overordna politiske linene for Bjørnafjorden. Eg håpar og trur den politiske entusiasmen vil stige når alle lokallaga har fått slått seg saman og gjennomført nominasjonsprosessane sine, seier Søviknes.

-Kor godt har du følgt med på saker og ting i Os og Fusa medan du har vore statsråd?

-Eg har fått med meg det store biletet. Samstundes har eg vore bevisst på å ikkje blande meg inn i debattar eller konkrete saker. Det ville ha blitt feil for alle. Jobben som statsråd er dessutan så travel at eg uansett ikkje ville hatt tid til å blande meg inn, ler han.
-Eg har fått med meg at mange ivrar etter å kome i mål i 2020. Samstundes må vi godta at mykje må gå gjennom ein prosess før vi kan finne dei beste løysingane. Om det er noko eg har tatt med meg frå tidlegare omstillingsprosessar, er det at vi må ha god nok tid til å forankre avgjerdene skikkeleg, samstundes som vi ikkje skal bruke meir tid enn nødvendig når vi først har bestemt oss. Og så må vi aldri sleppe av syne det overordna målet for alt dette arbeidet, nemleg tenestetilbodet til innbyggarane i Bjørnafjorden. Det er jo difor vi er her.

Likar det konkrete med lokalpolitikken

Etter to år på sidelina – i den grad Olje- og energidepartementet kan kallast sideline – er han tilbake der han føler seg heime. Hos ungane sine, kjærasten og lokalpolitikken.
– Det var i første rekke omsynet til familien som gjorde at eg valde å gå av som statsråd. Men det er jo ikkje til å legge skjul på at eg er ein politikar som likar å jobbe med det konkrete, det ein kan sjå og føle. Slik er lokalpolitikken fantastisk. Eg gler meg òg stort til dei faglege utfordringane det inneber å slå saman to store organisasjonar med ulike system, strukturar og kulturar. Organisasjonsutvikling og kulturbygging er noko eg er svært opptatt av, og oppgåver som motiverer meg som leiar, fortel han.

Ein styrke at Os og Fusa er så ulike

– Os og Fusa er to ulike kommunar. Dette er ein styrke når vi skal slå oss saman. Vi kan utfylle kvarandre, ikkje minst på næringssida. Fusa har mykje areal nær sjøen og  moglegheiter for til dømes djupvasskaiar som Os ikkje har. Som Bjørnafjorden får vi eit heilt anna handlingsrom, og meir å tilby både bedrifter og privatpersonar som vil etablere seg. Samstundes har eg respekt for at mange fusingar er redde for å bli overkøyrde av Os. Det vil ta tid å bli éin kommune. Der er heller ikkje slik at vi vrir om ein brytar ved midnatt på nyttårsafta 2019, og så er alt forandra. Tenestetilbodet til innbyggarane vil i stor grad vere det same. Dei største endringane ved kommunesamanslåinga er det nok vi på Rådhuset i Os og Kommunetunet i Eikelandsosen som vil merke, meiner Søviknes.

Endring er ein del av folkesjela på Vestlandet

-Det er dessutan ting som vil endre samfunnet vårt langt meir enn nye kommunegrenser: Ny E39 med Hordfast og Svegatjørn-Rådal betyr store endringar for Os og Fusa og resten av regionen vi bur i. Kommunegrenser var nok viktigare for ein generasjon sidan. I dag beveger vi oss over kommunegrensene utan å tenke så mykje over det. Vi kan bu i éin kommune, jobbe i ein annan og ha fritidsaktivitetar i ein tredje. Vi er langt meir mobile enn for berre nokre år sidan. Den aller største samfunnsendringa er det dessutan teknologien som står for, meir enn all verdas kommunesamanslåingar, bruer og tunnelar. Vi som kommune må endre oss i takt med samfunnet. For å greie det, treng vi ein kultur for endring i Os og Fusa. Endring kan vere krevjande og skremmande, men det er heilt nødvendig å ikkje bli sittande fast i det som ein gong var. Vi må heile tida vere i bevegelse og ta i bruk nye moglegheiter, seier Søviknes engasjert. – Vestlendingen har alltid måtta omstille seg. I gamle dagar av rein naud for å finne nye måtar å livnære seg på. Endring er ein del av folkesjela her vest.

Sterk bygdeidentitet

Men dersom alle grenser er flytande og teknologien overstyrer det heile – kvifor skal vi ikkje berre bli ein del av Bergen?
– Det kan du seie. Kanskje er det slik at vi kjenner ekstra godt på behovet for å høyre heime ein stad når alt rundt endrar seg så raskt? Bjørnafjorden kommune er, og skal vere, noko anna enn Bergen. Vi veks oss tettare til byen, samstundes som vi har ein klar bygdeidentitet og solide bygdetradisjonar å ta vare på. Vi skal bygge ein sterk region sør for Bergen, saman med dei andre regionane som omkransar Bergen, og sjå det heile i eit Vestlands-perspektiv – og i eit nasjonalt perspektiv, seier han.

Kor vanskeleg vil det bli å å gi slepp på Os inspirerer?

-Uff, det vil bli veldig vanskeleg. Eg har jobba med – og etter – Os inspirerer sidan 2006, og har det verkeleg under huda. Men eg håpar og trur at vi kan ta med oss noko av Os inspirerer inn i den nye kommunen òg. Eg kjem til å vere mykje i Fusa framover, slik at eg kan bli inspirert av fusingane òg, smiler han.