Ein arbeidsplass for livet

Det er mykje å ta tak i når to godt innarbeidde organisasjonar skal bli til èin, ikkje minst på personalsida. To ulike retningsliner for lønn. To ulike personalreglement. To ulike påskjønningsordningar. To ulike funksjonstilleggsordningar. Og kva er greia med den lange måndagen for dei tilsette på Os rådhus?

Oppgåvelista er lang for dei to delprosjekta Personal og Lønn i Bjørnafjorden kommune, som Jeanette Heggland prosjektleiar for. I Lønn har ho med seg Sigrun Frydenlund, Gunvor Nappen, Veronica Lampe, Torunn Haugen, Lise Birkeland Kvittingen, pluss tillitsvalde Linda Ann Lohne frå Delta og Trond Solholm frå Fagforbundet. I Personal-prosjektet deltar Gro Elisabeth Almås, Gunn Marit Måge, Jannicke Vågen, Svanhild Vestbø, Bjørn Vik Solheim, Therese Ødegård, Astrid Havsgård, Siv Humlen Halhjem, Veronica Lampe, Siw-Ingrid Kaland frå Fagforbundet, Ingrid Kjørsvik på Utdanningsforbundet og hovudverneombod Guri Handeland.

– Kvifor skal vi til dømes få fri med lønn når vi fyller 60 år, men ikkje når vi følgjer barn til første skuledag? For å vere ein attraktiv og moderne arbeidsgivar må vi i større grad famne om alle livsfasar i personalpolitikken.
Jeanette Heggland, personalrådgivar i Bjørnafjorden kommune

Personalrådgivar i Fusa kommune/Bjørnafjorden kommune, Jeanette Heggland. (Foto: Simen Soltvedt)

Målet for delprosjektet Personal er «å utvikle Bjørnafjorden kommune sin personalpolitikk, levere endå betre HR- og personaltenester, meir effektive prosessar og rutinar som gir meir tid til utvikling av dei tilsette, utvikle eit felles vinnarlag av tilsette i Bjørnafjorden kommune, og sikre at alle har kontraktar med Bjørnafjorden kommune i løpet av hausten 2019». Delprosjektet Lønn sitt viktigaste mål er at alle tilsette i Bjørnafjorden kommune skal få rett lønn til rett tid 10. januar  2020.
– For å sikre dette og andre viktige saker som er regulerte i intensjonsavtalen og omstillingsavtalen er delmåla for dette prosjektet å etablere felles lønnsprosess, sikre effektiv drift og utnytting av lønnssystem, mest mogleg sjølvbetente kundar, kartlegge lønnsplassering og særavtalar, lage prosedyrar og køyrereglar for harmonisering, fortel delprosjektleiaren.

Kan ikkje samanlikne stilling mot stilling

– Lønns-prosjektet har så langt kartlagt lønnspolitikken i begge kommunane, sett på lønnsrammer og ulike tillegg. Vi kan ikkje nødvendigvis samanlikne stilling mot stilling. Sjølv om to tilsette på kvar si side av fjorden har tittelen «rådgivar», kan det likevel vere store skilnader i ansvarsområde og -oppgåver. Stillingar som kan samanliknast direkte, som lærar, sjukepleiar eller brannmann, har gjerne såkalla funksjonstillegg, som kjem i tillegg til grunnlønn. Dette kan vere tillegg du får fordi du til dømes er kontaktlærar eller jobbar kveld og natt.  Det er til dels store skilnader mellom funksjonstillegga i Os og Fusa. Først når det er klart korleis områda blir organiserte, og alle tilsette i Bjørnafjorden kommune er  «innplasserte» og veit kva for ansvarsområde og oppgåver dei skal ha i si stilling, vil det vere mogleg å ha oversikt over eventuelle skilnader i lønn. Først då kan vi begynne å utforme ein lønnspolitikk for den nye kommunen, seier Heggland.

Sjå milepælsplan for bemanning av Bjørnafjorden kommune.

Lik arbeidstid

Prosjektgruppa har òg laga framlegg til felles arbeidstid for administrasjonen i den nye kommunen. Fusingane har arbeidstid frå klokka 8 til klokka 15.40 heile året. Osingane på Rådhuset jobbar til klokka 17 kvar måndag året rundt. Dei andre arbeidsdagane har dei arbeidstid til klokka 15 frå mars til november og til klokka 15.30 i desember, januar og februar.
– Vi skal ha lik arbeidstidsordning i heile den nye kommunen, men det er ikkje endeleg avgjort korleis denne ordninga skal vere, seier Heggland.

Frå senior til livsfase
– Felles for begge kommunane, er at mange trur at dei på «hi sio» har høgare lønn. Det er ikkje nødvendigvis sant, men vi ser at det er ganske store skilnader i praksisen når det kjem til andre påskjønningar og runde dagar. Personalpolitikken vi har i dag i begge kommunane fokuserer i større grad på seniorar enn på tilsette i småbarnsfasen. Kvifor skal vi til dømes få fri med lønn når vi fyller 60 år, men ikkje når vi følgjer barn til første skuledag? spør Heggland retorisk. -Som oftast har jo seniorane betre økonomi enn dei som er i etableringsfasen. For å vere ein attraktiv og moderne arbeidsgivar må vi i større grad famne om alle livsfasar i personalpolitikken. God personalpolitikk er omdømebygging, og viktig for å tiltrekke oss og halde på nødvendig kompetanse. Det same gjeld prosessar i samband med rekruttering og tilsetting. Rekruttering er ei av dei aller viktigaste oppgåvene i ein kommune. Rekrutteringsprosessen skal vere ei ryddig og god oppleving for alle partar, både for den som lyser ut stillinga og den som søkjer på han. Nye tilsette må få ein god velkomst og tett oppfølging – då vil dei òg kome raskare i gang med å gjere det dei er tilsette for og trivast hos oss, seier Heggland.