Ein dag for store tankar

I dag er 140 leiarar frå Fusa og Os kommunar samla i Oseana kunst- og kulturhus for å tenke kloke, overordna tankar om Bjørnafjorden kommune. Resultatet skal bli ein strategiplan – ein plan som fortel noko om kva veg vi skal gå for å nå måla vi har sett oss.

– Kor er vi i 2023? Kva skal vi ha oppnådd i løpet av dei tre første åra som Bjørnafjorden kommune? spør rådmann og prosjekteigar for kommunesamanslåinga, Christian Fotland. – Og korleis ser det ut i 2035, 15 år etter samanslåinga?

Sjå program for leiarsamling i Oseana, 26. april 2018.

Dei overordna måla for kommunesamanslåinga ligg i intensjonsavtalen for Bjørnafjorden kommune. Samstundes må vi bruke desse overordna måla for å lage meir konkrete planar, eller strategiar om du vil, for kvart enkelt område.

Åsbjørn Vetti, konsulent i Kommunenes sentralforbund (KS), styrer programmet og gruppearbeidet. Han samanliknar strategiarbeid med når ein orienteringsløpar skal velje løype. For å velje retning og veg, må han først vite noko om kor han befinn seg og korleis terrenget ser ut.

Både Fusa og Os har eit omfattande planverk. Her kan du sjå alle planane til Fusa kommune og her kan du sjå alle Os kommune sine. Har vi strategiar som ikkje virkar? Då må vi vel endre strategi? Korleis skal vi vidareføre det beste, smartaste og mest allmenngyldige frå desse planane og kna dei saman til nye, smarte strategiar som er enkle og motiverande å jobbe etter?