Erik Vangsnes blir kultursjef i Bjørnafjorden

Nokre av tilsettingane på «nivå 2» var framleis i prosess då resten av desse tilsettingane blei offentleggjorde i slutten av oktober. No er det klart at Erik Vangsnes er tilsett som einingsleiar Kultur i Bjørnafjorden kommune. Kultur høyrer til under kommunalområdet Samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune. Kommunalsjef Aina Tjosås har gjennomført innplasseringssamtale saman med ekstern konsulent, personalsjef/-rådgjevar og to tillitsvalde (ein frå Fusa og ein frå Os).

-Det er viktig for meg som kommunalsjef og for ny einingsleiar i Bjørnafjorden kommune å vere godt kjende med tenestene i både Fusa og Os når vi saman bygger Bjørnafjorden kommune. Mykje godt arbeid og erfaringsdeling skjer i delprosjektet, men for å bli betre kjende med dagens teneste og alle tilsette på Kultur ønskjer vi å invitere oss inn på avdelingsmøte i tenesta.  Dette kjem vi tilbake til, seier kommunalsjef for Samfunnsutvikling i Os/Bjørnafjorden, Aina Tjosås.