Fellesnemnda skal reflektere over seg sjølv

Kva vil Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune?

Måndag 22. oktober samlar Fellesnemnda seg til møte igjen. Mellom sakene dei skal ta opp, er ei sjølvevaluering av rolla og arbeidet til nemnda. I sakspapira blir desse punkta lagt fram som forslag til refleksjon:

  • Er det rett tal på medlemmar i Fellesnemnda? Får partia som ikkje er representerte i Fellesnemnda den informasjonen dei treng for å vere med på å bygge Bjørnafjorden kommune?
    • Er samansettinga av Fellesnemnda rett?
    • I kor stor grad har Fellesnemnda tatt eigarskap til
    kommunesamanslåinga? Klarer Fellesnemnda i tilstrekkeleg grad å vere
    strategisk i arbeidet sitt?
    • Har Fellesnemnda, på eige initiativ, klart å løfte opp og fram viktige
    politiske saker for ei vellukka samanslåing?
    • Opplever Fellesnemnda at nemnda har fått dei rette sakene til behandling?
    • Opplever Fellesnemnda at vi er på rett veg?

Sjå denne og alle dei andre sakene Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune skal ta føre seg måndag 22. oktober.