Forskrift om utslepp ute på høyring

Lokal forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg i Bjørnafjorden kommune er lagt ut til offentleg ettersyn. Her kan du lese framlegget til lokal forskrift.

Dersom du har merknader eller innspel, kan du fylle ut og sende inn det digitale høyringsskjemaet du finn her, eller du kan sende e-post til postmottak@os-ho.kommune.no.

Merk høyringsuttalen med saksnummer 19/4350.

Høyringsfristen er 20. desember.