Første møte i nytt kommunestyre

29. oktober klokka 16.00 har Bjørnafjorden kommunestyre konstituerande møte i kommunestyresalen i rådhuset på Os. På saklista står m.a. val av ordførar og varaordførar, formannskap og politiske utval for valperioden 2019-2023.  Her kan du sjå alle sakene det nye kommunestyret skal behandle i sitt første møte.

Første sak er om det nye kommunestyret vil tillate direkteoverføring av kommunestyremøta i Bjørnafjorden. Høgst sannsynleg kan du difor følge val av ordførar, varaordførar og andre historiske avgjerder direkte på Bjørnafjorden kommune-TV frå om lag kl. 16.10.