Fortel oss korleis helse- og velferdstenestene i Bjørnafjorden bør vere

Vi i kommunen jobbar kvar dag for å gi innbyggarane våre best mogleg tenester. Samstundes veit vi at det er mange ting som kunne ha vore løyst annleis, enklare og meir effektivt.
Når vi no skal slå saman helse- og velferdstenestene i Os og Fusa har vi ein gyllen sjanse til å gjere ting annleis og betre.
Men vi treng di hjelp.
Vi treng ditt perspektiv, dine erfaringar, innspel og idear for å gjere tenestene betre og meir treffsikre for brukarar og pårørande i den nye kommunen. Kva er viktig for deg?

Vi inviterer med dette til
Idédugnad for helse- og velferdstenestene i Bjørnafjorden kommune

  • Tysdag 4. juni i Eikelandsfjorden samfunnshus i Eikelandsosen, kl. 18-20.
  • Torsdag 6. juni i Tunet kyrkje- og kultursenter på Os, kl. 18-20.

Har du erfaringar og innspel du vil dele knytt til nokre av desse kommunale tenestene i Os og Fusa? Kom og snakk med kommunalsjef for Helse og velferd, leiarane og andre representantar for dei ulike tenestene.

  • Søknadsprosess og tildeling av tenester, inkludert velferdsteknologi
  • Sjukeheim og heimesjukepleie
  • Psykisk helse- og rustenester
  • NAV
  • Helsefremming og rehabilitering
  • Tilrettelagte tenester til barn og vaksne med nedsett funksjonsevne
  • Legevakt- og fastlegetenester

Vi vil stå på stands rundt om i salen, og du kan kome til kvar enkelt av oss, stille spørsmål, få svar og gi innspel. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Idédugnaden er open for alle innbyggarar, lag og organisasjonar i framtidige Bjørnafjorden kommune.

Hjarteleg velkomen!