Fusa offisielt inn i SIO-prosjektet frå 1. juli

Frå 1. juli blir Fusa kommune ein del av SIO-prosjektet (forsøksordning med statlege kriterium og finansiering av omsorgstenester), saman med Os. I juni var fusingane Gro Elisabeth Amås, Bodil Lunde hansen, Ann Kristin Næss, Lene Tveit og Anne Skagseth med osingane Liv Eriksen Villeneuve og Kari Wågsæther på ei informasjons- og opplæringssamling med Helsedirektoratet på Gardermoen.

Prosjektleiar for SIO II i Bjørnafjorden kommune, Liv Eriksen Villeneuve og Kari Wågsæther frå bestillar- og forvaltarkontoret deler av Os kommune sine erfaringar med Fusa og andre kommunar som skal inn i forsøksordninga på Helsedirektoratet si samling på Gardermoen i juni.

Det opphavelege SIO-prosjektet gjekk frå 2015 til 2019. No er forsøksordninga forlenga med tre nye år, og går under namnet «SIO II». I og med at Os og Fusa blir Bjørnafjorden om eit knapt halvår, er det naturleg at dei tilsette i Fusa får ei innføring før 1. januar 2020.

Forsking frå brukarperspektiv

Agenda Kaupang har følgt SIO sidan oppstarten, og held fram med å forske på prosjektet. I tillegg vil forskarar ved  SINTEF  følgje SIO II. Dei vil innhente informasjon frå brukarar og pårørande kring tilbodet dei får – om det er i samsvar med vedtak, kvaliteten på tilbodet og om tilbodet er i samsvar med brukaren sine mål. Intervjua vil i større grad vere fysiske møte, framfor telefonintervju.

Samarbeid og forvaltning

– Hovudfokus i SIO er tildeling av tenester. Men det handlar òg om samarbeid med dei som utfører tenestene og at tildelingskriteria og finansieringsmodellane for ordninga er ein del av kommunen sitt forvaltningssystem, seier prosjektleiar for SIO II i Bjørnafjorden kommune, Liv Eriksen Villeneuve.