– Håpar det blir «Trygg i Bjørnafjorden» òg

Nyleg gjekk «Trygg i Os» av stabelen i Oseana kunst- og kulturhus for sjuande gong. «Trygg i Os» er eit arrangement for pensjonistane i Os kommune. Kultureininga står for regien, i samarbeid med gode krefter frå Helse og omsorg og Brann og redning i Os kommune, Os eldreråd og ei rekkje frivillige lag og organisasjonar. Det er plass til om lag 300 personar ved dei runde borda i Oseanasalen, og det er rift om billettane kvart år. I foajeen står kommunale tenester og frivillige lag på stand for å spreie kunnskap og tryggleik til dei besøkande.

Infotainment
«Trygg i Os» blei første gong arrangert i 2012.
– Vi hadde så mykje vi ville fortelje og informere seniorane våre om, men følte at vi mangla eit forum å dele informasjonen i. Kvifor ikkje invitere til eit hyggeleg lag med god mat og underhaldning, og så gi informasjon som ein del av dette, tenkte vi, seier aktivitetskoordinator for eldre i Os kommune, Grete Byrkjeland. Ho utgjer arbeidsgruppa for arrangementet saman med tryggleikssjukepleiar Bjørg Aspenes Sjøbø, leiar for førebyggande avdeling i Os brann og redning, Anne Kjersti Storebø og leiar i Os eldreråd, Bjørn Sivertsen. Os eldreråd kom med i arbeidsgruppa for to år sidan, dei tre andre har vore med heilt sidan starten i 2012.

Song og glede
Programmet er ei blanding av presentasjon av tilbod frå kommunen og informasjon om «hjelp til sjølvhjelp». Tilstellinga har eit nytt tema kvart år, som alle innslaga i større eller mindre grad er knytte til.
I år var tema «Song og glede». Dagen blei innleia av 54 andreklassingar frå Os barneskule, som både song og skapte glede blant tilhøyrarane. Tove Hille frå Os frivilligsentral var konferansier, og leia eit tettpakka program med helsingar, orienteringar og opplysningar frå høvesvis ordførar Terje Søviknes og varaordførar Marie Bruarøy, rådmann Christian Fredrik Fotland, fersk kommunalsjef for Helse og omsorg, Monica Totland Melvold og fagkonsulent for Pleie og omsorg, Tone S. Borgen. Sistnemnde fortalde om Os kommune si satsing på innbyggardialog. Brukarar og deira pårørande kan kommunisere med dei som leverer heimebaserte tenester (heimehjelp og heimesjukepleie) over internett. Løysinga gjer det enkelt å få oversikt over heimehjelpa sine besøk, og til dømes avbestille hjelp i heimen dei dagane brukaren er bortreist.

Ser nytten
-Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å gå i år, men er glad eg gjekk likevel, seier Kirsten Kjerrgård (78), som deltek for fjerde gong.
– I fjor var det så grusomt mykje prat om mat og kaloriar. Eg synest vi gamle må få eta det vi vil. I år synest eg programmet var veldig lett og greitt. Eg er ikkje så inne på data og slikt, men eg ser jo nytten i det rådmannen og Tone Borgen snakka om. Vi er ein gjeng frå seniordansen som plar gå saman. Det er alltid hyggeleg å treffast!

Unik dialog
Då den kommunale delen av programmet var ferdig, entra Tor Endresen scenen, til stor begeistring for publikum.
– «Trygg i Os» er eit unikt tilbod til seniorane i Os, og eg håpar vi skal halde fram med arrangementet når vi blir Bjørnafjorden kommune  Denne typen dialog mellom kommunen og innbyggarane trur eg ikkje du får til i byen. Det er viktig for oss at seniorane våre kjenner seg trygge og følgjer med i utviklinga, spesielt når kommunen veks og samfunnet endrar seg, seier Os-rådmann og framtidig rådmann for Bjørnafjorden kommune, Christian Fredrik Fotland.