Har du ein idé til grøn næringsutvikling? Søk om støtte frå fylkeskommunen

Hordaland fylkeskommune har sett av 13,5 millionar kroner til næringsutviklingsprosjekt som kan gi auka grøn konkurransekraft i næringslivet i Hordaland.
Formålet er å støtte prosjekt som kan bidra til å redusere klimautslepp, samstundes som dei gir verdiskaping, innovasjon og auka kunnskap.
Tilskotsordninga «Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland 2018-2019 (HNH) opnar for støtte til, til dømes, bioøkonomi, sirkulærøkonomi, berekraftig reiseliv, massehandtering, bygg og andre tiltak for eit berekraftig samfunn.

Kven kan søkje?

  • Organisasjonar
  • Nettverk og klynger
  • Næringshagar
  • Forskings- og utviklingsmiljø (FoU)
  • Kommunar
  • Fleire verksemder i samarbeid

Søknadsfrist: 3. juni 2019.

Les meir og søk på Hordaland fylkeskommune sine nettsider.

Har du ein idé som du lurer på om du kan søkje støtte til?
Næringssjef i Os kommune, Elin Bryn Thorsen, gir deg gjerne råd i forkant av søknadsprosessen. Ta kontakt på tlf. 993 45 108 eller elbt@os-ho.kommune.no