Har du eit ledig næringslokale eller næringstomt? Gi oss ein lyd!

Har du ledig næringslokale, lager eller næringstomt? På www.lokalerios.no finn potensielle leigetakarar og kjøparar oversikt over ledige næringslokale og -tomter i Os kommune. No skal oversikta bli til lokaleribjornafjorden.no, og òg omfatte ledige næringslokale i dagens Fusa kommune.

Vi oppmodar difor alle aktørar i framtidige Bjørnafjorden kommune, som har eit ledig lokale, næringstomt, lager eller kontorplass til leige eller til sal, om å legge inn annonsar på denne oversikta. Det er kjapt og enkelt – og heilt gratis å annonsere.

Fyll ut skjemaet og last opp bilete her, så er du i gang

Har du spørsmål? Ta kontakt med næringssjef Elin Bryn Thorsen på elbt@os-ho.kommune.no