Helsestasjon for ungdom i Os fyller 20 år: – Eit viktig og populært alternativ til fastlegen

Desse helsesjukepleiarane møter ungdom på helsestasjon for ungdom i Os, i tillegg til ute i skulehelsetenesta. Frå venstre: Dagmar Hilde, fagleg leiar for Førebyggande helsetenester; Janniche Kvant Rogde, Annika Andersland og Anne Hodneland Sundfjord.

– Ungdom i dag har i stor grad dei same spørsmåla som dei hadde for 20 år sidan. Det handlar mykje om prevensjon, kropp, seksualitet. Mange barn og unge slit òg med tunge tankar, vonde kjensler og bekymringar.  Felles for alle som kjem til oss er at dei ønskjer å snakke med ein helsesjukepleiar – ein vaksen – som har tid til å lytte til dei, seier Dagmar Hilde, helsesjukepleiar gjennom 35 år og fagleiar for Førebyggande helsetenester i Os kommune.

Eit alternativ til fastlegen

Hilde var med å starte opp helsestasjon for ungdom i Os i 1999.
– Vi såg at mange unge lét vere å oppsøkje helsehjelp fordi dei rett og slett ikkje visste kor dei skulle vende seg for å få hjelp. Det er ikkje alle som har lyst til å involvere foreldra sine for å bestille legetime. Helsestasjon for ungdom skal vere eit alternativ til fastlegen. Ungdom mellom 13 og 20 år kan kome innom helsestasjonen etter skuletid, utan å bestille time og utan at foreldra eller nokon andre treng å vite om det. Alle vi som jobbar her har teieplikt, seier Hilde.

Helsestasjon for ungdom er òg eit supplement til skulehelsetenesta. Janniche Kvant Rogde er helsesjukepleiar ved Os vidaregåande skule, Annika Andersland ved Os ungdomsskule og Os gymnas og Anne Hodneland Sundfjord ved Nore Neset ungdomsskule og Kongshaug Musikkgymnas. I tillegg byter dei på å vere på helsestasjon for ungdom kvar tysdag.

– Vi bør vere tilgjengelege på nett for å kunne gi eit likeverdig tilbod til unge rundt om i heile den nye, store kommunen.
Dagmar Hilde, fagleiar Førebyggande helsetenester i Os kommune

Ikkje timebestilling

Helsestasjon for ungdom held til i andre etasje i Os rådhus, inngang B på sida som vender mot torget. Helsestasjonen har ope to timar kvar tysdag, frå 14.30 til 16.30. Her kan ungdom treffe lege og helsesjukepleiar utan å ha gjort avtale på førehand. Dei kan ta opp spørsmål kring til dømes rus, seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdomar og  psykisk helse. Dei tilsette ved helsestasjonen gir råd, rettleiing og undersøking dersom det er nødvendig. Dei kan òg vise vidare til andre hjelpetenester og spesialistar, dersom det er behov for det.

Unge frå Fusa og Tysnes til Os

I Fusa kommune er helsestasjonstilbodet slik at dei unge ringer til helsesjukepleiar når dei ønskjer kontakt. Helsesjukepleiaren formidlar kontakt til lege ved behov.
– Det er ein god del unge fusingar som tar turen over fjorden, fortel helsesjukepleiar Anne Hodneland Sundfjord. – Vi har òg fleire som kjem til oss frå Tysnes. Talet på besøkande til helsestasjonen varierer, men vi ser jo heilt klart at det er behov for eit slikt tilbod for ungdom.

Når fleire gutar via Snapchat

Dei aller fleste som oppsøkjer helsestasjon for ungdom er jenter. Kvifor er det slik?

Helsesjukepleiar ved Os gymnnas, Janniche Kvandt Rogde, har oppretta Snapchat-kontoen Helsepling for å spreie helseinformasjon og svare på spørsmål frå brukarane sine. – Eg ser at mange fleire gutar tar kontakt etter at eg oppretta denne kanalen, seier ho.

– Eg trur mange gutar har litt høgare terskel for å ta kontakt direkte med oss enn det jentene har. Vi er jo berre kvinnelege helsesjukepleiarar i Os kommune og i framtidige Bjørnafjorden kommune, og eg trur nokre av gutane er litt tvilande til om kunnskapen vår strekk til.  Men eg ser at Snapchat er ein god kanal for å få gutane på banen. Det er liksom ikkje så farleg å sende ein snap med eit spørsmål.

Når dei ser at eg forstår kva dei spør om, tar dei gjerne turen innom kontoret mitt etterpå, seier Janniche Kvant Rogde, helsesjukepleiar ved Os vidaregaånde. Ho har oppretta Snapchat-kontoen Helsepling for å dele informasjon og svare på spørsmål frå ungdom, både på Os vidaregåande og andre stader – med stor suksess.

Må vere tilgjengelege på fleire måtar i den nye kommunen

– Helsesjukepleiar er til stades ved skulane i Os frå tre til fem dagar i veka. Men det er klart – dei unge vil jo helst ha svar akkurat når dei treng det, smiler Annika Andersland.
– Vi veit òg at mange googlar seg redde på informasjon dei finn på ulike nettsider og i sosiale media. Det er viktig at vi som fagpersonar kan vere til stades i kanalar kor ungdomen er, slik at vi kan gi kvalitetssikra informasjon og førebygge plagar ved å fortelje dei unge kva vi kan hjelpe dei med – og ikkje minst korleis dei kan hjelpe seg sjølve gjennom små og store kriser , seier Andersland.

– Vi ønskjer å vere tilgjengelege for dei unge. Opningstida ved helsestasjonen er den same i dag som for 20 år sidan, og vi ser at det vil vere mange fordelar både for brukarane våre og oss å ha ei slags chatteteneste. Ikkje minst bør vi vere tilgjengelege på nett for å kunne gi eit likeverdig tilbod til unge rundt om i heile den nye, store kommunen. Dette er noko vi er i gang med å sjå på, seier Dagmar Hilde.