Her er biblioteksjefen for Bjørnafjorden

– Biblioteket skal vere ein arena for alle, seier nytilsett biblioteksjef i Bjørnafjorden kommune, Trine Helene Rikheim Pete.

Trine Helene Rikheim Pete (26) er tilsett som biblioteksjef i Bjørnafjorden kommune.
Rikheim er i dag fungerande biblioteksjef ved Fusa folkebibliotek. Ho har tidlegare jobba ved mellom anna Deichman bibliotek i Oslo og fagbiblioteket ved Høyskolen Kristiania, og har ein bachelorgrad i bibliotek- og informasjonsvitskap frå Høgskulen i Oslo og Akershus.

– Eg gler meg til å vere med å utvikle framtidas bibliotek i Bjørnafjorden kommune. Vi skal tilby effektive og brukarvenlege sjølvbetjeningsløysingar, slik at vi som jobbar i biblioteket kan bruke meir tid på formidling, rettleiing og arrangement, seier ho.
Arena for alle
Biblioteksjef Rikheim Pete startar i den nye stillinga alt måndag 4. februar, og innrømmer at ho er spent.
– Det er litt skummelt, men eg trur det går fint. Eg må kome meg inn i jobben før eg kan begynne å legge planar, men eg veit at dei tilsette ved folkebiblioteka i Os og Fusa gjer mykje godt arbeid som vi skal bygge vidare på. Biblioteket skal formidle kunnskap gjennom utlån av bøker, men òg gjennom å vere ein møteplass for folk i alle aldrar. Vi kan til dømes ha babytreff, spelekveldar eller strikkeklubb i biblioteket. Det er nok av aktivitetar som kostar pengar i dagens samfunn. Eg er oppteken av at biblioteket skal vere ein gratis arena som inkluderer alle, uavhengig av økonomi. Samstundes skal vi ikkje sette i gang med alt for mykje – det er viktig at det vi vel å gjere blir bra, seier ho.