Her kan du stemme på valdagen

Valdagen for kommune- og fylkestingsvalet 2019 er måndag 9. september. I Bjørnafjorden kommune har vi 12 vallokale geografisk spreidd over heile kommunen.

Her er oversikten med adresse og kart til alle vallokale i den nye kommunen.

Du kan stemme i det vallokalet som er mest praktisk for deg, sjølv om det på valkortet står oppført eit spesifikt vallokale. Hugs å ta med deg legitimasjon og valkort.

Merk deg at du på valdagen ikkje kan stemme i Kommunetorget i Os rådhus eller i Kommunetunet i Eikelandsosen. Du må møte opp i eitt av vallokala som er lista opp nedanfor.

Desse vallokala er opne frå 09.00 til 21.00 på valdagen:

  • Eikelandsfjorden samfunnshus
  • Lunde barneskule
  • Lysekloster barneskule
  • Nore Neset Allaktivitetshus
  • Os Idrettspark Kuventræ
  • Oseana kunst- og kultursenter
  • Søfteland barneskule

Desse vallokala er opne frå 13.00 til 21.00 på valdagen:

  • Fusa samfunnshus
  • Hålandsdalen Montessoriskule
  • Nore Fusa skule
  • Strandvik Montessoriskule
  • Søre Fusa skule