Industriverksemder kan kutte utslepp med støtte frå Enova

Gjennom programmet «Energi- og klimasatsingar i industrien», gir Enova støtte til norske industriverksemder som vel å ta i bruk energi- og klimaeffektive løysingar. Formålet med programmet er å gjere klimavenleg teknologi meir tilgjengeleg og bidra til at dagens industriverksemder tar i bruk løysingane raskare, slik at Noreg når målet om å vere klimanøytralt og tilnærma utsleppsfritt innan år 2050.​​​​​​​Enova er eit statleg føretak underlagt Klima- og miljødepartementet, og har som oppgåve å skape varige endringar i tilbod og etterspørsel etter effektive og fornybare energi- og klimaløysingar.

Kva kan bedrifter søkje om støtte til?

  • Spillvarmeutnytting

Industrien har mange varmestraumar som kan utnyttast til varme- eller kraftføremål, men som i dag går til spille. Enova ønskjer å stimulere til auka utnytting av spillvarme, gjennom å auke utbreiinga av teknologi og løysingar som fleire bedrifter kan ta i bruk, og som på sikt har potensial til å kunne etablere seg i marknaden utan støtte.

  • Utfasing av fossile energiberarar

Bruk av fossile energiberarar til varmeformål i industrien gir store klimagassutslepp. Enova ønskjer å stimulere til bruk av klimavennlege alternativ, som:

  • fast biobrensel
  • varmepumper som ikkje nyttar luft som ekstern varmekjelde, og der arbeidsmediet har GWP (Global Warming Potential – eit mål på dei ulike drivhusgassane sin effekt på global oppvarming) under 100.  Prosjekt som nyttar naturlege arbeidsmedium (til dømes CO2 eller NH3) vil bli prioriterte.
  • Landstraum til oppdrettsanlegg

Energibruken i oppdrettsanlegg er i høg grad basert på fossile energiberarar. Enova ønskjer å stimulere til erstatning av fossil energi med klimavennlege alternativ, mellom anna elektrifisering frå land for anlegg der dette er hensiktsmessig.

Kven kan søkje?

Alle verksemder som har industriell produksjon eller eit anlegg av industriell eller prosessrelatert type. Bedrifta må vere registrert i norsk føretaksregister og ha tilstrekkelege økonomiske føresetnader til å kunne gjennomføre prosjektet.

Sjå kort film som presenterer prosjektet.

Slik søkjer du

Les meir og søk på Enova sine nettsider

Har du spørsmål? Ta kontakt med næringssjef i Os kommune, Elin Bryn Thorsen, på tlf. 993 45 108 eller elbt@os-ho.kommune.no.