Informasjon til alle leverandørar av varer og tenester til Os og Fusa kommune

01.01.2020 slår Fusa og Os seg saman til Bjørnafjorden kommune.

Samanslåinga vil få konsekvensar for alle leverandørar som skal sende faktura til kommunane.

Faktura for varer og teneste som gjeld rekneskapsåret 2019:

Faktura frå leverandørar som gjeld rekneskapsåret 2019 må sendast til Os eller Fusa kommune innan 15.01.2020

Faktura for varer og tenester som gjeld rekneskapsåret 2020:

Alle fakturaer til Bjørnafjorden kommune skal sendast elektronisk i standardformatet EHF, og dei må til ein kvar tid oppfylle gjeldande krav i samsvar med lovar, forskrifter og retningslinjer.

  • EHF adresse/Organisasjonsnummer: 9908: 844 458 312
  • Kontonummer: 3201.48.86388

Faktura skal stilast til:

Bjørnafjorden kommune

Postboks 24

5649 Eikelandsosen

Faktura må merkast med ressursnummer i feltet «AccountingCost» i XML-filen. Ta kontakt med bestillar for å få oppgitt dei nye ressursnummera som gjeld for Bjørnafjorden kommune. Nokre av dei gamle ressursnummera utgår frå 2020.

Dersom du sender faktura til ulike avdelingar i Bjørnafjorden kommune, ber vi om at du brukar eitt og same kundenummer ved fakturering.

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med oss.

Os kommune: telefon 56 57 50 00, e-post: rekneskap@os-ho.kommune.no

Fusa kommune: telefon 56 58 01 00, e-post: faktura@fusa.kommune.no