Informasjon til dykk som vil stille liste til kommunevalet 2019

Listeforslag til kommunevalet 2019

Bjørnafjorden valstyre har ansvar for behandling og godkjenning av listeforslag til kommunevalet 2019.

Medlemane i Fellesnemnda er valstyre, og leiar av valstyret er leiar av Fellesnemnda, Terje Søviknes.

Marianne Kramer er valansvarleg, og Elisabeth V. Nydal er ansvarleg for listeforslag og kontaktperson for partia.

Nominasjonsprosessen for partia og utforminga av kommunevallistene til valet 2019 startar i desse dagar.

Viktige fristar

  •  Valdagen er måndag 9. september 2019.
  • Frist for innlevering av listeforslag er 1. april 2019 kl. 12.00. Fristen er absolutt. Valstyret må ha motteke lista innan fristen.Det er ikkje nok at brevet med listeframlegget er poststempla innan fristen.Lever listeframlegget i Kommunetorget i Os rådhus eller i Kommunetunet i Eikelandsosen i Fusa innan fristen.  Ei eventuell erklæring om tilbakekalling må vere innlevert seinast 20. april kl. 12.

Dette må listeforslaget innehalde

  • Kva val det gjeld (kommunevalet 2019)
  • Kva kommune det gjeld (Bjørnafjorden kommune)
  • Namn på partiet/gruppa

Før opp kandidatane som stiller til val. Ingen kan stå på meir enn èi liste, og alle kandidatar må vere valbare til kommunestyrevalet (vallova §3-3). Før opp fornamn, etternamn og fødselsår til kandidatane. Før på  stilling eller bustadadresse dersom det er nødvendig for å unngå forveksling av kandidatane på lista.

Korleis gi røystetillegg (kumulere)?

Ein kan gi dei øvste kandidatane på listeforslaget eit røystetillegg som svarar til 25 prosent av talet på stemmesetlar som kjem lista til del ved valet. Talet er regulert etter talet på kommunestyrerepresentantar som skal veljast. Når talet er mellom 25 og 53 medlemar, er det mogeleg å gi røystetillegg til inntil seks kandidatar.

Reglar om underskrift

For parti som ved førre stortingsval fekk ei oppslutning på minst 500 stemmer i eit valdistrikt eller minst 5000 stemmer i heile landet, er det tilstrekkeleg at listeforslaget er underskrive av minst to av styremedlemane i partiet sitt lokallag i den kommunen lista gjeld. Underskrivarane må ha røysterett i kommunen.

For andre forslagsstillarar: Listeforslaget skal vere underskrive av eit tal personar med stemmerett i kommunen som svarar til to prosent av talet på røysteføre innbyggarar ved sist kommunestyreval. Listeforslaget skal likevel som eit minimum vere underskrive av like mange røysteføre personar i kommunen som det skal veljast medlemar til kommunestyret (jf. vallova § 6-2, pkt. 2).

Vedlegg med fødselsdatoar

Listeforslaget skal også ha eit vedlegg som viser fødselsdatoen til alle kandidatane i tillegg til dei listeansvarlege (vallova § 6-1, jf §6-4).

Ved kommunevalet 2019 skal det veljast 35 kommunestyrerepresentantar for Bjørnafjorden. Det betyr, i følge § 6-2 nr. 2 i vallova, at det i Bjørnafjorden skal vere minst sju og høgst 41 namn på ei valliste.

Sjå nøye på paragrafane i vallova, særleg kapitla 3 og 6, som er relevante for utforminga av listeforslaget, og kapittel 2 om røysterett. Det siste gjeld for underskrivarane, som må ha røysterett i kommunevalet i Os.

Oppdatert informasjon og mal for listeforslag

Så oppdatert informasjon om valet på kommunal- og regionaldepartementet si valside. 

Sjå kva vallova seier om listeforslag.

Sjå mal for listeforslag som de kan bruke ved innlevering. 
Det er ikkje obligatorisk å bruke malen til listeforslag så lenge lova sitt minstekrav til listeforslaga er oppfylt, men det er eit ønske frå valsekretariatet.
Fullstendig utfylte malar møter både lova sitt krav til liste og valstyret sitt behov for informasjon.

Har de spørsmål?

Ta gjerne kontakt:

Valansvarleg Marianne Kramer: makr@os-ho.kommune.no

Ansvarleg for listeforslag og kontaktperson for partia, Elisabeth V. Nydal: elvn@os-ho.kommune.no

 

Vi i sekretariatet ønskjer dykk alle lukke til med nominasjonsprosessen.