Innolab – kva er det?

Frå Organisasjon og innovasjon sin workshop i Innolab i august.

Dette spørsmålet får Innolab-leiar i Bjørnafjorden kommune, Jeanette Heggland, ofte.
Heggland deltek i mange ulike forum, og høyrer ofte at det er vanskeleg å finne ut korleis ein skal løyse ulike problemstillingar,  – og då fortel ho dei at dei kan ta utfordringa med til Innolab.

Innolab er eit rom som ligg i Gründerparken på Os. Samstundes er det mykje meir enn berre eit rom. Innolab er eit konsept, der vi skal få hjelp av tilretteleggarar til å tenke nytt og utvikle tenestene og organisasjonen. Rommet tar om lag 18 personar. Dersom fleire skal vere med, tar vi berre med oss Innolab-konseptet til ein større og betre egna stad.

Dei fleste tilsette i kommunen kjenner ikkje til Innolab enno, og det er nok ikkje utan grunn, for laben er ikkje offisielt opna.
No jobbar Heggland, Elin Storum og Anne-Lise Aaseng saman om å utvikle Innolab før opning i slutten av oktober.  – Men vi testar konseptet no og har allereie mange ulike utfordringar å jobbe med, seier ho.

Dette er Innolab

– Innolab skal vere eit bindeledd mellom dei ulike sektorane,  eller «siloane» som vi kan kalle dei, og trekke i trådar mellom dei ulike aktørane og «lage hol i siloane». I tillegg skal Innolab gjere samarbeidet mellom kommunen og næringsliv, gründarar,  frivillig sektor, akademia og andre betre og sterkare, fortel Heggland.

I ei arbeidsøkt i Innolab skal representantar frå ulike fag og sektorar delta. Målet for økta er utvikling.

– Vi skal få raske resultat ved å bruke Innolab-verktøya, og gå frå ord til handling ved å samle ulike innsikt, slik at vi saman ser eit mykje større bilete. I Innolab inviterer vi med oss brukarar av tenestene våre, slik at dei sjølve kan fortelje om sine behov. Vi skal ikkje berre tru noko om kva andre treng, då det gjerne ikkje stemmer. Dermed får vi det fram på eit tidleg tidspunkt og kan bruke det i arbeidsøkta.  Så skal vi dele, noko som gjer oss engasjerte, seier Heggland.

Dette har skjedd i Innolab til no

  • I august var leiarar i stab, hovudverneombod, tillitsvald og representantar frå administrasjonen i kommunen samla i Innolab for å jobbe med korleis framtidas arbeidsverktøy skal nyttast i Bjørnafjorden kommune. Gruppa var tverrfagleg samansett, og med ulike innsikter som vi delte. Resultatet er mange nye innspel vi elles ikkje hadde fått, breiare forankring og ein oversikt over moglegheiter og utfordringar. Veldig nyttig når vi skal jobbe vidare med dette.
  • Leiargruppa i OI har jobba med samarbeid, kommunikasjon, tilbakemeldingar og blitt kjende med seg sjølve og kvarandre ved hjelp av JTI typetest og andre metodar vi har i Innolab. Dette skal fleire andre leiargrupper og team i kommunen i gang med no framover.

23. september skal Byggesaksavdelinga og Helsestasjon for barn ha ein workshop, kor målet er å finne fram til korleis vi kan gi innbyggarane så god og effektiv service som mogleg. Då skal vi sjølvsagt ha brukarar med.

Vi i Innolaben testar ulike metodar og verktøy på dei ulike utfordringane og problemstillingane vi får bestillingar på. Og vi vil gjerne ha fleire bestillingar, så om du har ei utfordring eller noko du treng tenke nytt kring, samt vågar å bli utfordra, så berre ta kontakt, seier Heggland.