Jarle Kvalvik tilsett som kommunalsjef for Samfunnsutvikling

Jarle Kvalvik er tilsett som kommunalsjef for Samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune. (Foto: Bergen kommune)

– Det er ei glede å melde at Jarle Kvalvik har takka ja til stillinga som kommunalsjef for Samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune, seier rådmann Christian Fredrik Fotland.

Jarle Kvalvik (50) har lang fartstid frå offentleg sektor. I dag er han kommunalsjef for tekniske tenester i Askøy kommune. Før dette var han utbyggingssjef i Bergen kommune, der han hadde ansvar for heile investeringsporteføljen til kommunen.

Med ein master i Facility Management, ingeniør i marinteknikk og masterprogram i økonomi og leiing, har Kvalvik ei solid utdanning innan både tekniske fag og økonomisk/administrative fag,

Kvalvik har også vore kommunalsjef i Øygarden kommune, driftsdirektør i BOB og leiar for UiB  Eiendom.

Oppstartstidspunkt for Kvalvik er ikkje klart enno. Lisbeth Axelsen held fram som konstituert kommunalsjef for Samfunnsutvikling fram til Kvalvik startar.

Her kan du sjå stillingsutlysinga