Kommuneoverlege og ass. kommuneoverlege tilsett

Klaus Melf er tilsett i stillinga som kommuneoverlege for Bjørnafjorden kommune (100 %). Jonas Nordvik Dale er tilsett som ass. kommuneoverlege (50 %) og som einingsleiar Legevakt i Bjørnafjorden kommune. Rekrutteringsbyrået Headvisor har bistått i prosessen. Kommunalsjef for helse og omsorg, Monica Totland Melvold har gjennomført intervjua saman med Headvisor og hovudtillitsvald.

Klaus Melf (biletet) er tilsett som kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune (100 %).

– Det er viktig for meg, kommuneoverlegen og legevaktleiaren å bli godt kjende i både Fusa og Os. Mykje godt arbeid og viktig erfaringsdeling skjer i delprosjektet, men for å bli betre kjende med tenestene og tilsette, ønskjer vi å invitere oss inn på eit avdelingsmøte i aktuelle tenester i løpet av våren 2019. Dette kjem vi tilbake til, seier Totland Melvold.

Klaus Melf er kommuneoverlege i Fusa kommune i dag. Jonas Nordvik Dale er einingsleiar Legevakt i Os kommune.

Jonas Nordvik Dale (biletet) er tilsett som assisterande kommuneoverlege (50 %) og einingsleiar Legevakt (50 %) for Bjørnafjorden kommune.