Kommunereform er svaret, kva var spørsmålet?

Statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paul Chaffey, held innlegg for utval for samfunnsutvikling i Os, 9. april.

Ja, for kva er eigentleg grunnen til at Os og Fusa (og 118 andre norske kommunar) går i gang med slike gigantprosjekt?
Måndag 9. april var statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paul Chaffey, invitert til rådhuset i Os for å fortelje om bakgrunnen for kommunereforma, og om kvifor denne omstillinga er nødvendig for at vi skal kunne møte utfordringar i framtida.

Ein kommune har mange og kompliserte oppgåver. Når kommunen samstundes får fleire eldre innbyggarar og færre i arbeidsfør alder, betyr det færre til å både utføre arbeidet og betale skatt. «Gullalderen» i olje og gass er over, og vi treng nye næringar som kan bidra til å halde hjula i gang i samfunnet vårt.

Smartare, meir målretta og effektivt

– Olje og gass vil vere svært viktig for Noreg i lang tid enno. Men produksjonen går ned, og det vil gi lågare inntekter på sikt. Vi må ha fleire bein å stå på. Kommunane har krav på seg til å levere like gode tenester som tidlegare, men utan dei same ressursane. Reknestykket går ikkje opp.
Den einaste måten vi kan kan få det til å gå opp, er ved å gjere ting smartare, ved å jobbe meir målretta og effektivt. Dette er både grunngjevinga og målet for kommunereforma. Vi treng rett og slett eit samfunn kor ting heng betre saman på tvers. Vi kan ikkje tenke sektorar eller forvaltningsnivå heilt på same måte lengre, sa Chaffey i sin presentasjon for lydhøyre politikarar og kommunetilsette.

Digitalisering er det store ordet i alle samanhengar for tida. Vi kunne like gjerne ha sagt forenkling. For digitalisering handlar ikkje om tekniske duppedittar, men om menneske og tenester – og om nettopp å gjere ting smartare, meir målretta og effektivt.

-Tenk berre på kva som har skjedd med sjølvmeldinga. På 80-talet brukte ein norsk skattebetalar i snitt 2 ½ time på sjølvmeldinga. I dag leverer vi han med eit tastetrykk, sa Chaffey.

Endringskultur

Dette er prinsippa vi i det offentlege skal jobbe etter for å sikre betre tenester for deg som brukar:

  • Digitalt førsteval
  • Felles pålogging
  • Felles postkasse
  • Tilgang til register
  • Ikkje spørje om ting vi alt veit
  • Automatiserte løysingar
  • Dele offentlege data
  • Bruke marknaden

Endringskultur blir eit viktig stikkord framover, sa Chaffey. – Det er to hovudgrunnar til at vi som samfunn treng ein kultur for endring og innovasjon i offentleg sektor framover. For det første fordi vi . Endringar i samfunnet gjer at offentleg sektor må tilpasse seg. For det andre fordi vi vil. Vi vil ha ein offentleg sektor som er meir brukarvennleg, effektiv og som folk har tillit til. Vi må ta i bruk digitaliseringa på ein måte som gjer at brukarane får betre tenester – og det betyr at vi må vere flinkare til å tenke nytt og«på tvers» mellom kommunar, staten og ulike etatar.