Kva for motiv vil vere samlande for både fusingar og osingar?

Bjørnafjorden kommune skal få sitt eige kommunevåpen innan utgangen av 2018. No kan du og alle andre som vil kome med forslag til kva for symbol eller motiv som skal pryde våpenet.

Kva meiner du er typisk for Bjørnafjorden? Kva ord, symbol eller naturfenomen er typisk for dette området? Er det dyr, planter, landskapsformer, gjenstandar, historiske symbol eller anna vi kan bygge på? Du kan sjølvsagt òg foreslå element frå dei eksisterande våpna til Os og Fusa.

Eit norsk kommunevåpen skal ha eitt motiv/symbol, men motivet kan gjentas fleire gonger, som i Fusa sitt kommunevåpen. Les kva Arkivverket skriv om utforming av kommunevåpen.

Vi ønskjer forslag i tekst – ikkje i bilete.

Les òg: 6. klassingane i Os og Fusa har fått eit eige oppdrag i samband med kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune.

Kommunevåpena i dag

Os sitt kommunevåpen er frå 1949 og har tre ulike motiv i gult/gull på raud botn: båt, stor rose og ni små roser. Båten symboliserer utferdstrong og representerer båtbyggartradisjonar og oselvaren. Rosa, òg kalla Os-rosa, er henta frå rosemålinga og representerer dei rike husflidstradisjonane. Dei ni små rosene spelar på dei ni skulekrinsane i 1949.

Fusa sitt våpen er frå 1991 og motivet er tre blå spiralar på sølvbotn. Spiralane spelar på straumkvervlar som lagar jettegryter, noko det er mange av i Fusa. Namnet «Fusa» skal òg ha sitt opphav i det å strøyme sterkt. Talet tre representerer dei tre historiske kyrkjesokna Fusa, Strandvik og Hålandsdal, som òg var sjølvstendige kommunar 1902-1964.

Send inn ditt forslag her

Du kan òg levere forslaget ditt på papir i Kommunetorget på Os rådhus og i Kommunetunet i Eikelandsosen. Hugs å skrive på namn og telefonnummer.

Siste frist til å kome med forslag er fredag 16. mars. Vi vil trekke ut nokre heldige vinnarar av fine premiar.

Kva skjer vidare?

Ei arbeidsgruppe vil gå gjennom alle forslaga i denne runden, og ta med eit representativt utval inn i grunnlaget for ein konkurranse for profesjonelle formgivarar.

Konkurransen for profesjonelle formgivarar vil bli lyst ut offentleg før sommaren 2018. Ein jury vil velje ut tre til fem av dei innkomne forslaga til kommunevåpen, som alle blir premierte med kr 5000,- Kommunestyra i Os og Fusa gjer endeleg vedtak om nytt kommunevåpen innan utgangen av 2018. Vinnaren få kr 20 000,-

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen, e-post lax@os-ho.kommune.no eller kulturleiar Erik Vangsnes, e-post erik.vangsnes@fusa.kommune.no